🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til ny forskrift om tilskudd til integreringsarbeid i regi av ...

Stiftinga Grannehjelpa

Departement: Familiedepartementet
Dato: 27.10.2025 Svartype: Med merknad Me er ein liten frivilligsentral (stifting) i ein liten, men langstrakt kommune med ca 8500 innbyggjarar. Me har drive med mykje integreringsarbeid i vår sentral over mange år. Me opplever no at det vert stadig vanskelegare å få støtte til prosjekt i småkommunar. Slik det ser ut av høyringsnotatet, er det svært mange nasjonale organisasjoner som får støtte hjå dykk. Me har framleis nytte av å drive med integreringsarbeid i kommunen vår, men er avhengig av å få både prosjekt- og driftsstøtte. Både Imdi og fylkeskommunen gjer no støtte kun til store nasjonale organisasjonar eller dei som har interkommunalt samarbeid. Dette gjer vårt arbeid sårbart - og me skulle så gjerne hatt ein del av potten dykkar slik me har fått ved tidlegare høve. Dersom me ikkje har gode integreringstilbod til våre innvandrarar - ser me at dei raskt flyttar frå kommunen vår og vidare til storkommunar. Det er ein viktig føresetnad at folketalet ikkje går alarmerande ned i vår vesle kommune - me treng framleis mange hender i sving. Difor er integreringsarbeid også svært viktig å drive på med i småkommunar. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"