Innspel til forslaget om å framforhandle opsjonskontrakter:
Det trengs ingen opsjonskontraktar så lenge §3 fastset avansesatsar. Opsjonskontraktar vil dessutan kunne forsterke den allereie svært sterke segmenteringa i bokbransjen mellom store vertikaleigde forlagskonsern og mindre uavhengige aktørar.
Innspel til forslaget til rabattsatsar:
Departementets vurdering i Prop. 82 L 2022-2023 var at ei avgrensing på friheita til å fastsetje avansesatsar kan bidra til å styrke mindre aktørar, og på denne måten vere med på å oppnå målsettingane myndigheitene har innanfor litteraturfeltet.
For å innfri Boklova §1 om breidde, mangfald og kvalitet til alle i landet trengst det ei god og tydeleg regulering. All finansiell yting frå utgivar til forhandlar bør difor blir regulert i avansereguleringa gjennom forskrift, utan moglegheit til ekstra marknadsstøtte eller ekstraordinære kvantumsrabattar.
Rapporten foreslår en maksimalsats og en minimumssats for innkjøpsrabatt på 35% og 55%, men det er lagt til at partane ved einigheit i bransjeforhandlingane kan fråvike satsane i første ledd inntil 15 prosentpoeng. Dette gir i praksis eit forhandlingsrom på 20–70% som er mykje større enn kva som er allmenn praksis i dag for prisbundne bøker.
At innkjøpsrabattar over 50% kan føre til høgare sluttpris for kunden, er ein viktig premiss som mellom anna ligg til grunn for den tyske lova om faste bokprisar. Tyskland har i fleire år hatt ei velfungerande boklov. Det tyske konkurransetilsynet, som overser den tyske boklova i praksis, legger til grunn at innkjøpsrabattar over 50% er ein indikator for ein prisdrivande effekt av fastprisen og gir ein fordyrande pris ut til kunden (ref. Bundeskartellamt: https://www.boersenverein.de/politik-recht/buchpreisbindung/preisbindungsglossar/detail/hoechstrabatte/).
Forskrifta bør difor avgrense innkjøpsrabattar til eit maksimum på 50%. Eit smalt forhandlingsrom med få rabattypar vil dessutan gjere det mindre attraktivt å bruke store butikkflater på få titlar. Det vil gi kundane fleire synlege bøker og større mangfald i bokhandelen. Jo mindre avanseramme forhandlar og utgivar får, desto større mangfald vil kunden finne i bokhandelen. Vi tenkjer at eit rabattspann på 15% i fastprisperioden er tilstrekkeleg.
Det er også viktig at forskrifta legg opp til transparens slik at ikkje pengeflyten flyttar seg frå rabatt til andre type ytingar (skjulte rabattar).
Skjulte rabattar er finansiell yting mellom utgivar og forhandlar utover den avtalte innkjøpsrabatten. Det finnes fleire slike i dagens system. Desse vil kunne svekke boklovas effekt, og i verste fall undergrave heile lova. Ei forskrift som forbyr all finansiell yting utanfor rabattsystemet, vil kunne motvirke dette. Døme på slike skjulte rabattar er individuell og generell marknadsstøtte, distribusjonsvilkår, nedkreditering av retur eller ordrelinjeavgift.
Marknadsstøtte : I utgangspunktet meiner vi at alt samarbeid mellom forhandlar og utgivar om marknadsføring utover auka rabatt er lovstridig etter Bokloven §11 Forbud mot forskjellsbehandling. Marknadstøtta gir ikkje berre fordelar til dei vertikalt eigde aktørane, den undergrev også fagkompetansen til forhandlarane. Kva bøker ein forhandlar ønsker å fremme bør vere ein del av deira kompetente fagvurdering. Utgivar kan sjølvsagt argumentere godt for kvifor ein forhandlar bør satse på ein tittel, men dei bør ikkje kunne kjøpe seg til plassering, eksponering, direkte reklametiltak eller andre marknadsføringstiltak i bokhandel. For betalt reklame for eigne bøker bør utgivar bruke eigne plattformer og kanalar.
Distribusjonsvilkår : Distributørane driv i dag som eit marknadsstyrt ledd i ein elles gjennomregulert bransje. Dette gjer at store, marknadsdrevne opplag for forlaga, utover den openberre lønsamheita ved sal, resulterer i gunstigare pris hos distributørane. Dei to store distribusjonssentralane er begge eigd av bransjens allereie dominerande konsern. For å oppnå Boklovens §11 meiner vi difor at distributørane må ha solidariske og transparente, offentleg tilgjengelege prislister, der ev. fordelar går tydeleg fram. Fordelar bør ikkje vere knytt til betalte medlemskap i bransjeforeiningar.
Nedkreditering av retur : Det har dei siste åra blitt vanlig hos dei store bokhandelkjedene å nedkreditere retur. Dette betyr at bokhandlane får auka rabatt på bøker som eit alternativ til å sende dei i retur. Tanken er god i eit klima- og ressursperspektiv, men nedkrediteringsforespørslane kjem ofte medan boka framleis er i fastprisperioden. Rabattar på nedkreditering kan være svært høge. Det betyr at forhandlar oppnår ein mykje større rabatt for dei prisbundne bøkene enn opphavleg avtalt.
Ordrelinje på fellesuttak : Det er i dag vanleg at kjedene kjøper større kvantum av en tittel gjennom såkalla “fellesuttak”. Sidan slike uttak likevel ikkje blir sendt ut som éin ordre, men som mange små ordrar til de ulike butikkane som kjedesentralane har valt ut for denne tittelen, meiner vi at gebyra for ordrelinjene som utgivaren da må betale per ordre som blir sendt ut, er en opplagt skjult rabatt, og det bør gjelde reglar for vanleg kvantumsrabatt per ordre.
Oppsummert så meiner vi at ein avanseramme med eit golv på 35% og eit tak på 50% gir rom for å forhandle rabattar for marknadstiltak, kvantum og sortiment.

Konklusjon:
Vi ber om at Kultur- og likestillingsdepartementet fastset ei tydeleg avanseregulering som sikrar rettferdige og transparente vilkår for alle aktørar i bransjen. Dette er avgjerande for å verne om og å skape gode forhold for eit litterært mangfald i Noreg.
I samband med dette ønskjer vi også at innspelet frå Forum for uavhengige aktører i bokbransjen blir vurdert nøye, da dette er utarbeida i fellesskap av uavhengige aktørar frå både forlag og bokhandel.