🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - NOU 2019:16 Skattlegging av vannkraftverk

Bygland kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Bygland kommune gir følgjande høyringsuttale til NOU 2019: 16 Skattlegging av vannkraftverk:

Bygland kommune kan ikkje akseptere dei forslaga som kraftskatteutvalet foreslår i NOU 2019: 16 Skattlegging av vannkraftverk. Ei avvikling av ordningane med konsesjonsavgifter og konsesjonskraft samt ein vesentleg omlegging av eigedomsskatten for vannkraftanlegg ved å endre verdsettingsgrunnlaget, vil gi Bygland kommune eit årlig inntektstap på mellom 12 og 13 millionar kroner. Det utgjer omlag 9 % av dei samla driftsinntektene til kommunen i budsjettet for 2020.

Utvalet foreslår å kompensere for inntektsbortfallet ved å auke naturressursskatten. Naturressursskatten vert fordelt til kommunane gjennom inntektssystemet, og vil føre til store omfordelingar mellom kommunane. Bykommunar utan naturinngrep blir dei store vinnarane og vertskommunane som faktisk er skadelidande ved vannkraftproduksjon blir taparar.