Dato: 06.02.2025 Svartype: Med merknad Eldrerådet i Bergen behandlet saken i møtet 31.01.2025 sak 22/25 og fattet følgende vedtak: Eldrerådet reagerer på dei omfattande endringane som det regjeringsoppnemnde Postutvalet har lagt fram. Rådet understrekar følgjande: Posten skal heilt fram. Hovudgrepet til utvalet er at det ikkje lenger skal leverast post i postkassane til folk. Dei må sjølve henta posten sin på eigne hentestader, t.d. «post i butikk». Grunngjevinga for endringa er at det kostar for mykje med tradisjonell postombering. Eldrerådet ser at for delar av befolkninga kan dette vera ei tenleg ordning. Men for eldre og personar med nedsett funksjonsevne kan dette verta dramatisk. Det er framleis slik at blant dei eldste i samfunnet er det mange som av ulke årsaker ikkje bruker digitale tenester. Då er tradisjonell bruk av posttenester det enklaste. Eldrerådet meiner difor at ei eventuell omlegging av postomberinga vil vera eit tydeleg døme på aldersdiskriminering. Utvalet legg opp til at dei som vert ramma av endringa, t.d. eldre, kan søkja om ordinær postlevering, og då etter definert behov. Ein slik søknadsprosess med vurdering av behov vil føra til ei byråkratisering, som bør vera unødvendig. Samtidig vil ein slik prosess vera altfor krevjande for mange eldre, jf t.d. digital utanforskap. Fleirtalet i utvalet seier dette slik: «Utvalgets flertall anbefaler at brevpost, som hovedregel, skal utleveres til betjente postpunkt med mulighet for levering til postkasse for de som har behov for det.» Som nemnt meiner eldrerådet at dette er uklart og byråkratisk, og er einig med mindretalet i Postutvalet, som vil ha levering i postkasse som hovudregel. Eldrerådet vil også peika på at Noreg er eit langstrekt land, og mange bur i grisgrendte strok. Store avstandar og dårleg kollektivtilbod vil i seg sjølv vera ei utfordring for mange eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Difor meiner mange at forslaget frå Postutvalet er svært utfordrende. Det er dei svakaste som vert straffa. Rådet saknar også ei vurdering av kva for konsekvensar forslaget vil føra til når det gjeld auka transportbehov. Me er urolege for at pårørande i endå større grad vil måtta involvera seg for å ivareta sine eldre. Eldrerådet peikar her på ei løysing som eit mindretal i utvalet har teke dissens på. Eldrerådet ynskjer at Posten kan få nye oppgåver. Prosjektet «På dørterskelen» kan vera eitt av fleire utgangspunkt for nytenking og innovasjon. På denne måten kan Posten koma viktige brukargrupper i møte, t.d. eldre med spesielle utfordringar. Rådet vil også minna om dei gode intensjonane i «Leve hele livet» om 1) å bu heime lengst mogeleg, og 2) at eldre og personar med nedsett funksjonsevne skal kunna ha aktive liv lengst mogeleg. Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"