Høyringsfråsegn frå Fjaler kommune
NOU 2019: 16 Skattlegging av vannkraftverk
Fjaler kommune syner til høringsuttale frå LVK. Fjaler kommune sluttar seg til denne. Kommunen går imot utvalet sitt framlegg om å avvikle dei konsesjonsbaserte ordningane med konsesjonsavgift og konsesjonskraft, samt å endre eigedomsskatten. Inntektene skal kome kommunane tilgode.
Kommunar som legg til rette for klimavennleg industri og energiproduksjon bør premierast for innsatsen dei gjer for samfunnet.
Fjaler kommune vil særleg framheve at regjeringa bør føre ein politikk som sikrar at vannkrafta tek ein endå sterkare posisjon for klimaet.
Fjaler kommune vil peike på dei svært uheldige konsekvensane av å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraftverk. Mange planlagde småkraftverk vil ikkje bli realiserte dersom skattane vert skjerpa og færre vil vurdere å byggje ut. I Fjaler og omliggande kommunar er utbygging av mindre kraftverk viktig for næringslivet.