🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - NOU 2019:16 Skattlegging av vannkraftverk

Gloppen Energi AS

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringsfråsegn NOU 2019: 16 Skattlegging av vannkraftverk

Gloppen Energi AS eig tre kraftverk i Gloppeelva i Gloppen kommune. Dei to største kraftverka, Trysilfossen og Eidsfossen vil verte råka av kraftskatteutvalet sit forslag om å innføra grunnrenteskatt på småkraftverk med påstempla effekt over 1,5 MVA.

Kraftstasjonane i Gloppeelva har vore 100% eigd av Gloppen kommune fram til 2016 då Sogn og Fjordane Energi – Produksjon AS kjøpte seg inn med 30%. Kraftstasjonen i Eidsfossen vart bygd i 1917, Evebøfossen i 1910 og Trysilfossen i 1980. Etter å ha vore i drift i over 100 år vert no to aggregat i Eidsfossen pensjonert. Det vert gjort i samband med at vi bygger ny stasjon med nytt aggregat og legg til rette for større produksjon og meir moderne drift.

Det andre store investeringsprosjektet i Gloppeelva er å setje inn eit ekstra aggregat i Trysilfossen. Selskapet investerer for til saman ca100mill i ny produksjon av rein energi. I tillegg kjem vedlikehald- og rehabiliteringskostnader for å sikre dagens produksjon i dei gamle kraftverka.

Med Kraftskatteutvalet sit forslag vil våre investeringar i ny rein energi være ulønsame. Om kraftskatteutvalet sitt forslag vart lagt til grunn ved investeringsavgjerd i 2018 ville det ikkje vorte tilrådd å bygge ut ny produksjon.

Berekningar på rekneskapen for 2018 viser at selskapet ville fått utfordringar med å betale avdrag på gjeld etter utbyggingane og eigarane sine forventningar om avkastning dei komande åra ville ikkje kunne innfriast med kraftskatteutvalet sit forslag. I tillegg ville det kome utfordringar med å gjennomføre nødvendige rehabiliteringsprosjekt for å sikre dagens produksjon.

Kraftskatteutvalet føreslår kraftig reduksjon i lønsemd for eksisterande kraftverk. Dei store taparane blir dei lokale kraftverkseigarane. For Gloppen kommune som majoritetseigar i Gloppen Energi AS vil dette ramme dobbelt, både som eigarkommune med tap av utbytte og som vertskommune med tap av konsesjonskraft, konsesjonsavgift og tap på omlegging av eigedomsskatt.

Gloppen Energi AS har i sine langtidsplanar lagt til grunn gjeldande rett, at småkraft under 10 MVA ikkje skal svara for grunnrenteskatt. Endring av innslagspunktet for grunnrenteskatt har svært alvorlege konsekvensar for selskapet. Eigar av kraftverka vil få store tap. Dette er dårleg distriktspolitikk og dårleg handsaming av lokalsamfunnet som har bidrege til utbygging av ny, fornybar kraft i over 100år. Dette ber vi regjeringa ta omsyn til i si vurdering av NOU 2019: 16 Skattlegging av vasskraftverk.

- Småkraft under 10 MVA skal ikkje svara for grunnrenteskatt

John Morten Selsvik Dagleg leiar Gloppen Energi AS