Kva betyr forslaget for Gloppen kommunen?
Gloppen kommune er vertskap for 26 kraftverk, og kommunen får kvart år om lag 8.550.000 kroner i inntekter frå desse, fordelt på
Dette utgjer ca. 1,45 % av kommunen sine driftsinntekter. Vi veit ikkje kor mykje av dette som bli kompensert.
Framlegget om å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt slik utvalet gjer framlegg om, er dramatisk for Gloppen kommune, både som vertskommune for mange småkraftverk og som kraftverkeigar. For småkraftverka vil verknadene bli store og vil truleg føre til at mange ikkje kjem til å overleve økonomisk. Den lokale eigarskapen vil truleg forsvinne. Dette vil vere eit stort tap for Gloppen kommune, både økonomisk og som føregangskommune for småkraft.
Gloppen kommune eig i dag 70 % av Gloppen Energi AS, som m.a. eig Trysilfossen og Eidsfossen kraftverk. Begge desse blir råka av den foreslåtte endringa av innslagspunktet for grunnrenteskatt. Styret i Gloppen Energi AS har fått utrekna konsekvensane av endringa med utgangspunkt i rekneskapstala for 2018. Utrekningane viser at overskotet i 2018 på 6,5 mill. ville blitt redusert til 1,3 mill. Gloppen Energi AS investerer no nær 90 mill. i Trysilfossen og Eidsfossen kraftverk, som etter kraftskatteutvalet sitt forslag vil bli ulønnsame. For Gloppen kommune som majoritetseigar vil dette ramme direkte og sterkare enn fråfall av konsesjonskraft og omlegging av eigedomskatt.