Høyringsfråsegn om NOU 2019: 14 – Tvangsbegrensningsloven
Me reagerer med sjokk og avsky på fleirtalet i tvangslovutvalet sitt framlegg om å legalisera elektrosjokk utan samtykke, jf. dette sitatet frå side 592 i utgreiinga:
«Utvalgets flertall (alle medlemmene unntatt Erichsen og Gitlesen) ser store vansker med et totalt forbud mot bruk av ECT uten eget samtykke.»
Denne informasjonen får ein ikkje om ein berre ser på utvalet sitt framlegg til paragraf:
«§ 6-13 Elektrokonvulsiv behandling», side 761. Og det kan føra til at mange ikkje oppdagar alvoret i det utvalet føreslår. Dette bed me departementet om å vera særskilt merksamt på.
Saman med psykolog og kriminolog Joar Tranøy hadde underteikna ein kronikk om dette i Aftenposten 1. juli 2019 med overskrifta «Tvangslovutvalet vil legalisera psykiatriske overgrep»:
https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/zGVVyK/tvangslovutvalet-vil-legalisera-psykiatriske-overgrep-kirkevik-og-tranoey
Debatten om denne kronikken stadfesta inntrykket av at norske psykiatrar møter opplysning om permanente skadeverknader på hugset av elektrosjokk med fornekting og/eller bagatellisering.
Dette har konsekvensar, sidan det særleg er blant desse fornektarane ein finn psykiatrar som forsvarar elektrosjokk utan samtykke. Eit døme på ein kjend elektrosjokktilhengjar som har innsett at elektrosjokk medfører langvarige skadeverknader på hugset (kognitive biverknader) er Harold Sackeim, PhD, i artikkelen «Autobiographical Memory and ECT: Don’t Throw Out the Baby» i The Journal of ECT i 2014. Sitat frå denne artikkelen:
«Findings with the CUAMI and CUAMI-SF provide key evidence regarding ECT’s cognitive side effect profile. It is inaccurate and inadvisable to continue to deny that ECT can exert long-term adverse effects in this domain.» Sjå artikkelen i fulltekst her:
https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC4141894/
Sjå òg resymé av artikkelen «Neurobiological Correlates of the Cognitive Side Effects of Electroconvulsive Therapy» i same tidsskrift i 2008:
https://journals.lww.com/ectjournal/Abstract/2008/03000/Neurobiological_Correlates_of_the_Cognitive_Side.8.aspx
Elektrosjokk utan samtykke er det grovaste overgrepet som den norske staten kan utføra. I dag skjer dette berre etter strafferettsleg naudrett, men når fleirtalet i tvangslovutvalet vil gje dette ein eigen lovheimel i tvangsbegrensningslova er det fare for at dette groteske overgrepet får endå større utbreiing.
At overgrepet ikkje ikkje skal utførast om personen gjer motstand, er ikkje strengt nok, sidan mange er så fortvila og langt nede at dei ikkje er i stand til å seia nei til elektrosjokk, sjølv om dei meiner nei. Andre torer kanskje ikkje å gjera motstand, av frykt for den psykiatriske overmakta.
For desse kan det vera like audmjukande og krenkjande som å verta utsett for elektrosjokk gjennomført med fysisk makt. Det kan òg føra til langvarig sjølvklandring, for at ein ikkje utøvde fysisk og/eller verbal motstand mot elektrosjokkbehandlinga. Eit slikt ansvar er det ingen menneske som skal ha.
Difor er det einaste etisk forsvarlege å totalforby elektrosjokk utan eksplisitt, informert og skriftleg samtykke. I lovteksten til eit slikt totalforbod må det òg spesifiserast at naudrett ikkje kan brukast for å omgå forbodet.
Når ein er på det mest sårbare, må vernet mot psykiatriske overgrep vera ekstra godt vareteke, for då er det mykje større fare for at personen kan verta pressa til noko han/ho angrar bittert på i ettertid.
Å gje elektrosjokk utan samtykke eigen lovheimel er eit åtak på menneskeverdet og ei handsrekning til dei mørkaste kreftene i psykiatrien. Me fryktar at denne lovheimelen for elektrosjokk kjem i tillegg til den noverande praksisen med elektrosjokk under tvang etter strafferettsleg naudrett, sjølv om det ikkje er tvangslovutvalet sin intensjon:
Sitat frå utgreiinga side 592:
«Innholdet av den strafferettslige nødrettsnormen er grunnleggende uklart som vist ovenfor, og det er vanskelig å styre klinisk praksis med et slikt vagt rettslig utgangspunkt. Flertallet vil derfor anbefale at det lovhjemles en snever adgang til bruk av ECT som et livreddende tiltak. Dette må forstås som en uttømmende regulering av adgangen til bruk av denne inngrepsformen, og strafferettslig nødrett vil etter utvalgets opplegg aldri mer kunne påberopes som rettslig grunnlag .»
Dette har leiar av tvangslovutvalet, Bjørn Henning Østenstad, omtala i innlegg i Aftenposten, med svar til underteikna og Joar Tranøy:
https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/4qVBV6/naar-doeden-er-alternativet-boer-elektrosjokkbehandling-kunne-brukast-bjoern-henning-oestenstad
«Kirkevik og Tranøy hevdar at strafferettsleg nødrett vil kunne brukast i tillegg til den lovføresegna utvalet gjer framlegg om. Dette er misforstått. Tvangslovutvalget si utgreiing er klar: ‘strafferettslig nødrett vil etter utvalgets opplegg aldri mer kunne påberopes’. Ein stor del av innlegget til dei to går slik med til å diskutere ei innbilt problemstilling.»
For å unngå at dette viktige momentet skal verta gløymt eller oversett, er det viktig at det i lovteksten vert spesifisert eit absolutt forbod mot å bruka strafferettsleg naudrett som juridisk grunnlag for elektrosjokkbehandling. Same korleis lova vert når det gjeld elektrosjokk, er det viktig at departementet og helsestyresmaktene elles fylgjer nøye med på dette, slik at ikkje naudretten framleis vert nytta til å gje elektrosjokk under tvang, noko det er stor fare for at nokre overivrige psykiatrar vil halda fram med.
Også ved andre tiltak utan samtykke i psykiatrien må det verta slutt på bruken av naudrett, sidan dette gjer dei innlagde rettslause, av di det vert nytta for å omgå lova.
Eit neglisjert tema i psykiatrien er handheving av lova. Her kan det skje massive lovbrot utan at det får konsekvensar, til dømes vert kravet i psykisk helsevernlova § 4-4 til «stor sannsynlighet» for at tvangsmedisineringa skal verka, ikkje fylgt i praksis.
Dette er omtala i «NOU 2011: 9 – Økt selvbestemmelse og rettssikkerhet» side 249:
«Beviskravet for effekt av behandlingen er senket fra «stor sannsynlighet» til «overveiende sannsynlig». Bakgrunnen for dette er at kravet om «stor sannsynlighet» framstår som urealistisk, særlig der man står overfor nye pasienter. Utvalget har videre inntrykk av at dagens beviskrav i liten grad har fungert som en effektiv skranke for praksis, noe som blant annet kan skyldes at det har blitt oppfattet urealistisk strengt. Et noe svakere, men mer realistisk beviskrav kombinert med utvalgets ulike tiltak for økt rettssikkerhet, blir da vurdert å danne et bedre grunnlag for en praksis som er i samsvar med lovens ordlyd og intensjon. Etter utvalgets oppfatning er hovedproblemet etter gjeldende rett at lovens strenge materielle krav ikke har blitt fulgt i praksis.»
Ved eit totalforbod mot elektrosjokk utan eksplisitt, informert og skriftleg samtykke, må det medføra tap av autorisasjon og bøter eller fengsel for å bryta forbodet.
Utan effektiv handheving er lovverket på dette området fullstendig verdilaust. Det gjeld òg om tvangsbegrensningslova vert vedteken i Stortinget slik ho ligg føre i utgreiinga. I psykiatrien bryt dei lova om dei er usamde i innhaldet.
Me oppmodar departementet, Fylkesmannen, Fylkeslegen og Helsetilsynet om å ta fatt i dette problemet, også under noverande lovgjeving.
Me støttar dissensen mot elektrosjokk frå Erichsen og Gitlesen side 593–595 i utgreiinga. Dei har gjeve ei god grunngjeving for kvifor det må vera totalforbod mot elektrosjokk utan fritt og eksplisitt samtykke.
Det nest mest alvorlege overgrepet (etter elektrosjokk utan samtykke) som vert utført i Noreg er tvangsmedisinering. Å verta påført sterke plager og skadeverknader under tvang, er tortur og såleis brot på menneskerettane. Noreg kan ikkje reknast som ein rettsstat så lenge dette føregår.
Her trengst eit totalforbod både mot tvangsmedisinering og bruk av medisinering som tvangsmiddel i påståtte naudsituasjonar. Me støttar dissensen til Erichsen og Gitlesen mot tvangsmedisinering side 582–585 i utgreiinga, og den generelle dissensen til Erichsen og Gitlesen side 808–809.
I psykiatrien vert det utført mykje behandling av omsyn til omgjevnadene til personen som vert behandla, både av omsyn til medpasientar og samfunnet utanfor. Dette er etisk og moralsk forkasteleg. All behandling må vera utelukkande for å hjelpa personen sjølv, og ikkje nokon i omgjevnadene.
Særleg grovt er det om ein vert tvangsmedisinert for å verna personalet, medpasientar og/eller samfunnet elles.
Dette er ein gruvsam straffemetode, ikkje behandling.
Det same gjeld såkalla skjerming som behandlingstiltak. Isolasjon er skadeleg, og har ingenting med behandling å gjera, sjølv om ein kallar det for «skjerming».
Når folk vert isolerte i fengsel vert verknadene av dette kalla for isolasjonsskadar, jf.
https://www.jus.uio.no/ikrs/forskning/aktuelle-saker/2019/isolert.html
Menneske reagerer ikkje annleis på isolasjon påført av psykiatrien.
Det er ein alvorleg veikskap ved utgreiinga at det utvalet ikkje drøftar endringar i reglane som gjeld fare for andre. Sitat frå side 51–52:
«Utvalget har vurdert at eventuelle forslag om endringer i den sivile tvangslovgivningens håndtering av fare-for-andre-problematikken, vil kunne påvirke forholdet til straffelovgivningen direkte eller indirekte. Utvalget har ikke hatt en sammen- setning til å gå med tilstrekkelig dybde inn i de spørsmål som da vil reise seg. Arbeidet har følgelig blitt avgrenset i denne retning. Dette innebærer at gjeldende rett om tvang ved fare for andre i det alt vesentlige foreslås videreført, med nødvendige tilpasninger til lovutkastet. Det er foretatt en teknisk tilpasning av psykisk helsevernloven kapittel 4A og kapittel 5.»
Det same gjeld tvangsbruk i fengsel og ulovleg tvangsbruk, sitat frå side 52:
«Det har i utvalgets virketid vært et økende fokus på bruk av tvang overfor personer som oppholder seg i fengsel og som kan knyttes til behov for helsehjelp. Utvalget har vurdert at disse særlige spørsmål faller utenfor mandatet.
Spørsmål om konsekvenser av ulovlig tvangsbruk, herunder spørsmål om rett til erstatning, har ikke utvalget hatt kapasitet til å utrede. De er for øvrig heller ikke nevnt i mandatet.»
Desse tre saksfelta (fare for andre, tvang i fengsel og handheving/konsekvensar av ulovleg tvangsbruk) bør greiast ut i eitt eller fleire nye utval, men denne gongen med representantar òg frå dei psykiatrikritiske brukarorganisasjonane.
Viss det er slik at personar som er farlege, men som ikkje har såkalla alvorlege psykiske lidingar (til dømes farlege gjengleiarar), kan gå fritt rundt, medan dei som har alvorlege psykiske lidingar og er påstått «farlege» vert sperra inne i psykiatrien, må det verta slutt på denne forskjellsbehandlinga.
Viss ein meiner det er rett å sperra inne folk som ikkje har gjort noko gale, men som vert oppfatta som «farlege» (med nærliggjande og alvorleg fare for at personen utfører grov vald eller drap), må dette vera uavhengig av om ein har psykiske lidingar eller ikkje. Alt anna er diskriminering.
Dersom ein ikkje synest det er rett å fengsla folk *utan* psykiske lidingar på det grunnlaget, skal det heller ikkje skje i form av tvangsinnlegging av personar *med* psykiske lidingar i psykiatrien.
Å drøfta slike problem kan vera med i mandatet til eit nytt utval.
Vidare er effektiv handheving av lova i psykiatrien, og erstatning når lova vert broten, tema som treng ein grundig gjennomgang.
Styreleiar i Informasjonssenteret Hieronimus