🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – Innspill til Postutvalgets rapport

Eldrerådet i Ål kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 04.03.2025 Svartype: Med merknad Eldrerådet i Ål kommune meiner at forslaget om å måtte hente brev på eit hentepunkt, er ein for drastisk endring. Eldrerådet trur at ein slik endring er grei å gjennomføre i framtida, men ikkje per dags dato. Uttalen frå eldrerådet er formulert slik: "Det er sterkt å beklage at Posten som offentleg distribusjonsnett på nytt er satt under press. Fleirtalet i det regjeringsutnemnde utvalet går inn for at brev normalt skal utleverast på eit "hentepunkt" som mottakaren sjølv må reisa til, på same måte som pakker utleverast i dag. Vi ser dette som svært problematisk. Store grupper vil rett og slett få problem med å få posten sin. Ein digital varsling om at du må hente posten din kan for mange vere vanskeleg å oppfatte, eller rett og slett ikkje bli motteke. Det er berekna at omlag 600 000 innbyggjarar i Noreg har utfordringar med digital kommunikasjon, noko som utgjer ein fare for at posten ikkje blir motteke eller oppfatta. Vi meiner det er viktig å oppretthalde det offentleg eigde distribusjonsnettet som posten er. Det gjev innbyggjarane gode tenester, og er eit finmaska landsdekkande nett som når alle landets innbyggjarar med fysisk informasjon. Vi meiner dette er viktig for landets beredskap. Dette er eit spørsmål som dessverre har blitt meir aktuelt dei siste åra. Både pandemi og krig i Europa fortel oss kor viktig beredskap er og kor viktig det kan vere å få sendt ut informasjon til landets borgarar fysisk. Vi meiner difor at forslaget frå KS og Posten (dørterskeltenesta) må vere eit minimum av posttenester som det offentlege tilbyr sine innbyggjarar i framtida. Eldrerådet i Ål kommune " Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"