Dato: 07.11.2025 Svartype: Med merknad Innspel frå Øygarden kommune til «Forslag til ny forskrift om tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar» Øygarden kommune har dei siste åra vore ein av dei 40 kommunane som har forvalta midlane i denne ordninga. Saksbehandlar for tilskotet har følgjande innspel til forslaget til ny forskrift: Øygarden er ein stor og langstrakt kommune med mange mindre lokalsamfunn, og målgruppa bur spreidd over heile kommunen. Ein stor del av midlane har dei siste åra blitt tildelte små, lokale organisasjonar som arbeider med integrering i sitt nærmiljø. Når krava i ordninga blir strengare og meir strukturerte, risikerer vi at dei organisasjonane som har størst administrativ kapasitet, blir «vinnarane». For små organisasjonar med frivillig drift og avgrensa ressursar kan dei nye krava bli ei stor byrde. Resultatet kan bli at midlane i større grad går til profesjonelle aktørar, på kostnad av dei som driv med djup lokal innsats og nær kontakt med målgruppa. Små organisasjonar har ofte sterkt lokalt engasjement, men manglar tid og ressursar til å arbeide med søknadar, rapportering og formelle rutinar. Mange vil kunne avstå frå å søkje dersom krava blir for omfattande. Dette kan føre til at lokale lågterskeltiltak – som møteplassar, uformelle grupper og mindre arrangement – får mindre støtte, sjølv om desse ofte har stor integreringsverdi. Punkt som skaper særleg utfordringar for små organisasjonar: 2-2 i : Krav om beskriving av kompetanse og erfaring hos styremedlemmer eller andre nøkkelpersonar, samt rutinar for å sikre god økonomistyring. § 2-3 e : Krav om opplysningar om organisasjonen sin kompetanse og tidlegare erfaring med tilsvarande prosjekt. For små eller nystarta organisasjonar er dette vanskeleg å dokumentere. Dei har ofte ikkje formelle rutinar eller dokumentert erfaring, sjølv om dei har god lokal forankring og evne til å gjennomføre praktiske integreringstiltak. For minoritetsspråklege organisasjonar med avgrensa norskkunnskap utgjer dette ein ekstra terskel for å søkje. Eit forslag til forbetring kan vera å opne for forenkla søknadsprosedyre for mindre søknadsbeløp (t.d. under 100 000 kr) med mindre dokumentasjonskrav. Dette vil redusere terskelen for søking, og sikre at også små initiativ med stor lokal verdi får moglegheit til å bidra i integreringsarbeidet. 2-3 – Krav om å opplyse om liknande tilbod i lokalsamfunnet Søknader om prosjekttilskot til inkluderande sosiale møteplassar og aktivitetstilbod skal innehalde opplysningar om eventuelle andre liknande fritidstilbod i lokalsamfunnet. Dette er eit punkt som saksbehandlar i kommunen med fordel kan vurdere ved tildeling, men som det er urimeleg å forvente at lokale organisasjonar har full oversikt over. Det er uklart kva som blir rekna som «liknande tilbod», og kor stort geografisk område som skal reknast som eitt lokalsamfunn. Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen