🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - utkast til forskrift om Regionale kulturfond

FOLKORG - ORGANISASJON FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS

Departement: Familiedepartementet 4 seksjoner

Generelt om forskrifta

Vi opplever at denne forskrifta har veldig mykje bra i seg. Det er eit gjennomarbeidd og eit veldig godt forslag. Den tek kulturfriviljugheita på alvor, og tek opp tråden frå strategien for kulturfrivillighet, «Rom for deltakelse».

FolkOrg og Arrangørforum var dei som fyrst foreslo ei ordning med Regionale kulturfond, og av det viktigaste grunnlaget for forslaget var eit ynskje om ei ordning som opna for tilskot som fremjar eit mangfaldig kulturliv, og som også kan gje tilskot til prosjekt der det er fruktbare samarbeid mellom det friviljuge og profesjonelle. Dette opplever vi blir teke godt omsyn til i høyringsnotatets gode innleiande gjennomgang.

Forslaget beskriv ei veldig open ordning, som gjev mange moglegheiter for tilpassingar i kvar enkelt fylkeskommune. Det er naturleg at regionale tilskotsordningar skal nyta godt av regionale vurderingar og regional kompetanse når midlane skal disponerast og forvaltast. Men då er det også viktig at prosessen blir sikra, slik at tilstrekkeleg kompetanse og mange nok ulike stemmer får bidra reelt til avgjerdene. Og at kriteria ikkje er for vide.

Vi meiner det er viktig at det vert lagt opp til ein systematisk medverknad frå det regionale kulturlivet og kulturfriviljugheita. Her vil eit godt utgangspunkt vere å ta i bruk eksisterande strukturer og arenaer der det allereie er godt samarbeid mellom myndigheiter og organisasjonar innan det regionale kulturfeltet. Fylkeskommunen er den naturlege forvaltaren, men med ei føresetnad om at det er regionale tildelingsutval der det regionale kulturlivet er representert. På denne måten kan vi få ei godt regionalt forankra ordning med legitimitet og treffsikre tildelingar.

Formål

Utkastet til §1 Formål seier at " Tilskuddsordningen Regionale kulturfond skal bidra til gode lokalsamfunn og et åpent, inkluderende og mangfoldig kulturliv i hele landet. Tilskuddsmidlene skal stimulere til økt aktivitet og deltakelse i kulturlivet, styrke samspill mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, forsterke lokal og regional kulturfrivillighet og bidra til økt kvalitet på kunst- og kulturtilbudet lokalt og regionalt."

Vi stør opp om denne formuleringa av formålet. Dette står godt ilag med det som har vore intensjonen for ordninga. Den knyter saman gode lokalsamfunn og deltaking i kulturlivet, noko vi opplever som viktig og er sterkt forankra hjå våre medlemmer. Ein god heilskapleg tanke om kulturen og kulturens behov og føresetnader er viktig for ein kommune å ha for å lukkast med gode lokalsamfunn. Auka kvalitet avheng av at kommunen legg til rette for den kulturelle grunnmuren, gjev plass for kultur i alle samanhengar og set pris på dei opplevingane og innsiktene kulturfeltet gir oss. Fylkeskommunen må på si side ha god innsikt i utfordringane i kommunane, og ha ein strategi om kva verkemiddel som kan styrke kommunane sin eigen innsats.

Likevel ser vi poengene som Arrangørforum kjem med, og vi støtter opp om Arrangørforum sitt forslag til dei små endringane i formålet.

Tilskot til bygg, lokaler og utstyr

I høyringsskrivet står det: "Departementet har vurdert om ordningen også skal avgrenses mot investeringer og kostnader knyttet til bygg og lokaler for kulturutøvelse. Det er gitt innspill til kulturfrivillighetsstrategien om at det er et stort behov for flere egnede lokaler. Forslaget innebærer derfor ingen direkte avgrensning mot å gi tilskudd til bygg".

Dette er FolkOrg ikkje einig i. Vi meiner investeringar og kostnader knytt til bygg og lokalar ikkje var hensikta med å opprette denne ordninga, og at dette må leggast inn i lista over avgrensingar i ordninga.

Det er sant at det er ei stor utfordring i kulturfrivilligheita at det er mange ikkjetilfredsstillande lokale. Likevel meiner vi at regionale kulturfond ikkje bør ha ansvar for dette. Dette ville mellom anna føre til krav til ein heilt anna type kompetanse i forvaltinga. Tilpassa, tilgjengelege og eigna lokale er eit eige fagfelt, og har allereie gode og eigne tilskotsordningar. I tillegg er tilskot til bygg ofte på heilt andre tilskotsnivå, og vil dimed marginalisere moglegheita for søknadar knytt direkte til aktivitet. Vi meiner at utfordringa med lokaler og utstyr bør angripast ved å styrke dei etablerte ordningane, som t.d. Regionale kulturbygg og Kulturrom.

Når det gjeld utstyr så meiner vi at dette også prinsipielt burde gå gjennom andre ordningar. Men det skal seiast at folkemusikken fell utanom det eksisterande Instrumentfondet - som dessverre er forbeholdt korps og orkester. Så lenge Instrumentfondet er ei særordning for korps og orkester, så er det er eit poeng at det skal kunne opnast for tilskot til tiltak knytt til utstyr og instrument i dei regionale kulturfond, men med kriterium at tiltaket fell utanom aktuelle eksisterande ordningar.

Tilskot til drift

Det er viktig å fasthalde og presisere at midlane gjennom Regionale kulturfond IKKJE skal erstatte allereie eksisterande ordningar. Per i dag har vi fylkeskommunane og somme landsdekkjande ordningar som gjev tilskot til drift i lokale lag og organisasjonar. Vi meiner at det ikkje er ei oppgåve for Regionale kulturfond å tildele driftsmidlar. Dette vil vere med på å fri fylkeskommunane for det ansvaret dei har for å leggje til rette for eit godt og aktivt lokalt kulturliv.

FolkOrg ilag med Arrangørforum har vore oppteke av at regionale kulturfond fyrst og fremst skal styrke dei aktivitetane som er krevjande å få finansiert, nettopp fordi eigenarten deira tvingar dei til å søkje finansiering reserverte for det profesjonelle ELLER det frivillige. Regionale kulturfond er ikkje ei løysing som skulle vere ei ny ordning som samlar eksisterande tiltak, men det skal fylle ut det tomrommet som har eksistert.

Vi meiner altså at i §4 Tildelingskriterier må det leggast til at «ordinære driftstilskudd» er noko ein ikkje kan få tilskot til.

På vegner av FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans