I argumenta for å ha eit lågare fråværsgebyr innan psykisk helsevern og rus vert det vist til betalingsevne, risiko for at pasient avsluttar behandlingsforhold og ikkje får nødvendig behandling for psykisk liding. Pasient med psykisk liding har auka førekomst av somatiske lidingar og har eit underforbruk av somatiske spesialisthelsetenester. Same forhold som angjeve under psykisk helsevern vil gjere seg gjeldande for desse pasientane i høve somatiske spesialisthelsetenester. Det bør vurderas å ta inn ei justering der pasientar som har eit behandlingsforløp i psykisk helsevern er unntatt for auke av gebyr innan somatikk.
I tillegg til endringane forslått i forskrifta bør det for å få lik praksis ved telefonkonsultasjonar, utarbeidas felles retningslinjer for innkalling, innhald og fråværsgebyr ved denne typen konsultasjonar.