Dato: 17.03.2025 Svartype: Med merknad Kultur- og likestillingsdepartementet Utkast til forskrift om Regionale kulturfond Høyringssvar frå Sogn og Fjordane kunstnarsenter Dato: 17.03.2025 Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane er ein regional visingsstad og eit kompetansesenter som skal formidle og auke interessa for biletkunst og kunsthandverk i heile regionen. Vi er eit ressurssenter for profesjonelle kunstnarar og skal skape oppdrag for dei. KSF er ein sjølvstendig, ikkje-kommersiell og kunstnarstyrt institusjon. Vi mottek driftstilskot frå Vestland fylkeskommune, og er direkte knytt til dei to kunstnarorganisasjonane Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) og Norske kunsthåndverkere Vest-Norge (NKVN). KSF er medlem av det nasjonale nettverket Kunstsentrene i Norge (KiN). Innspel I høve Kultur- og likestillingsdepartementet sitt utkast til forskrift om Regionale kulturfond med høyringsfrist 17.03.2025 gir Sogn og Fjordane kunstnarsenter føljande høyringssvar: KSF er positiv til regjeringa si satsing på regional kunst- og kultur i Hurdalsplattformen, særleg med innføring av regionale kulturfond. Dette initiativet inneheld eit viktig potensial for å styrke den regionale kunst- og kultursektoren over heile landet. Vi gir vårt innspel i samarbeid med kunstnarorganisasjonen BKSF og i dialog med Hordaland kunstsenter for å maksimere dette potensialet for utøvande biletkunstnarar og kunsthandverkarar i Sogn og Fjordane og Vestland. Vi set pris på departementet sin klare intensjon om at dei statlege midlane i ordninga skal supplere eksisterande kulturløyvingar til fylkeskommunene, ikkje erstatte eksisterande ordningar. Vi advarar likevel mot risikoen for at dei regionale kulturmidlane utilsikta kan rettferdiggjere betydelege kutt, slik vi har observert i utviklinga av kommunale og fylkeskommunale budsjett over heile landet dei senaste åra. Synliggjere kunstfeltet KSF meiner at forskrifta skal signalisere at den gjeld kunst- og kulturlivet, og ikkje berre den meir generelle nemninga "kulturlivet", vi foreslår derfor at dette blir presisert gjennom heile forskrifta. Berekraft og langsiktigheit KSF meiner at det ikkje berre er ynskjeleg med auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, men at kulturfondet skal bidra til sikring av ei berekraftig og langsiktig kultursatsning over hele landet. Fondet skal bidra til utvikling av eit kunst- og kulturliv som stimulerer til trygge forhold for publikum, utøvarar og arrangørar. KSF meiner det vil vere ei betydeleg styrke å opne ordninga for fleirårige tilskot. Dette vil gjere det grunnleggande føremålet med det regionale kulturfondet tydelegare: å styrke kunst- og kulturlivet. Med mogelegheit for fleirårige tilskot vil ein sende eit tydeleg signal til Stortinget om at Regionale kulturfond er ei viktig og framtidsretta ordning, uavhengig av endringar i det politiske landskapet. Dette grepet kan ytterligare styrke fondet si rolle som sentral aktør i regional kunst- og kulturutvikling. Frivilligheit i kunstfeltet KSF ynskjer å spele inn korleis store delar av det profesjonelle kunst- og kulturlivet også er ein del av frivillegheiten fordi vi har ikkje-økonomiske føremål. Denne delen av kunst- og kulturlivet blir urettmessig ofte ikkje rekna med som ein del av frivillegheiten, sjølv om frivillegheit juridisk også omfattar ideelle aktørar. Samspelet mellom det frivillege og det profesjonelle kunst- og kulturfeltet sameksisterer allereie, og formuleringa om at fondet skal styrke dette samspelet kan i verste fall tolkast på måtar som går ut over profesjonelle aktørar sin mogelegheit til støtte i kunstfeltet. KSF ynskjer ei tydeleggjering: ordninga rettar seg primært mot både det frivillige og det profesjonelle kunst- og kulturlivet. Samspel mellom desse er ikkje nødvendigvis eit krav i ordninga. KSF foreslår føljande omformulering av §1: «Tilskuddsordningen Regionale kulturfond skal bidra til gode lokalsamfunn og et åpent, inkluderende og mangfoldig kunst- og kulturliv i hele landet. Tilskuddsmidlene skal stimulere til økt aktivitet, langsiktighet og deltakelse i kunst- og kulturlivet, styrke samspill mellom profesjonelle og ideelle aktører i kunst- og kulturliv, styrke arbeidsmulighetene i det profesjonelle feltet, forsterke lokal og regional kulturfrivillighet og bidra til økt kvalitet på kunst- og kulturtilbudet lokalt og regionalt.» Økonomisk ramme KSF understrekar at sjølv om opprettinga av eit regionalt kulturfond er eit velkoment og viktig utgangspunkt, så er dagens rammer for fondet minimale sammenlikna med faktiske behov i kunst- og kulturlivet. For å sikre at fondet får maksimal effekt og fullt ut kan oppfylle føremålet, oppfordrar vi regjeringa til å vurdere ei gradvis auking av midlane og å gjennomføre årleg indeksregulering. Førde 17.03.2025 På vegne av Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane, Terje Lyngstad, styreleiar Ann Lisbeth Lesto, dagleg leiar På vegne av Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane Aud Sissel Hestenes, styreleiar Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"