🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring Forslag til lov om integrering (integreringsloven) og forslag til endring...

Bømlo kommune

Departement: Kunnskapsdepartementet 6 seksjoner

Lovfesting av differensiert programtid jf §§ 16, 17 og 14 :

Etter lang erfaring innan fagfeltet har dei tilsette på vaksenopplæringa aldri hatt deltakarar som har kvalifisert seg på 3 mnd. Også dei med høgare utdanning treng rundt eitt år for å kvalifisera seg. Forslaget om 3-6 månader verkar såleis lite realistisk.

Bømlo kommune stiller seg også kritisk til at departementet ikkje reknar med at kommunen vil få høgare utgifter til dei som får eit tre-årig løp. I høyringsnotatet vert dette grunngjeve med at mange vil klare å kvalifisere seg raskare, og at ein med dette vil få ei innsparing totalt (s. 162 i høyringsnotatet).

Bømlo kommune stiller seg bak at ein utvidar programtida for deltakarar som av ulike årsaker har trong for dette, for å kome i mål med t.d. grunnskule , vidaregåande, eller fagbrev/kompetansebevis gjennom jobb.

Bømlo kommune vurderer at det vil bli ei utfordring å redusera timar for dei med fullført vidaregåande skule frå heimlandet, i den målestokk departementet ser føre seg. Det er også lite tenleg å setje sluttmål i startfasen, då desse måla må kunne endre seg undervegs.

Integreringskontrakt jf §18:

Bømlo kommune meiner at det ikkje er naudsynt med kontrakt. Me meiner dette allereie er innbakt i individuell plan, og dersom noko skal endrast, bør det komme i denne. Eit krav om kontrakt vil også føra til auka byråkrati. Basert på vår erfaring vil fire år blir for lite når det gjeld grunnskuleopplæring for mange av alfa og spor1-deltakarar.

Endre opplæringa frå eit visst tal timar til eit generelt krav jf §§ 17, 17 og 32:

Høyringsnotatet beskriv at ein kan gå over til eit minimumsnivå i norsk som skal gjera det mogeleg å ta del i utdanning og arbeidsliv. For dei fleste vil B1- nivå munnleg vere norskmålet, dersom dette vert knytt til statsborgarskap. Dette vil for mange deltakarar krevje svært mykje ressursar, også i tal undervisningstimar.

Styrka karriererettleiing og rådgiving jf §§ 11, 12 :

Kompetansekartlegging og karriererettleiing er viktige deler av integreringsarbeidet. Skal programmet tilpassast den einskilde sitt behov, bør kompetansekartlegging og karriererettleiing vere ein del av rådgjevingstenesta og følgast opp lokalt . Slikt arbeid er allereie i gong i kommunane, som ein del av ei forlenging av arbeidslivs- og utdanningsdomenet i læreplanen for norsk og samfunnskunnskap. Det bør derfor ikkje vera underlagt ei ekstern eining. Det skisserte forslaget vil styre ressursbruken bort frå deltakarane og i retning meir byråkrati.

Kompetansekrav for lærarar som underviser etter introduksjonslova §39:

Det er i mange år vore tilbod om utdanning i vaksenpedagogikk, for lærarar. Dette er eit eige fagfelt, og me finn det underleg at ikkje høyringa nemner dette viktige fagfeltet. Bømlo kommune meiner vaksenpedagogikk burde stå sidestilt norsk som 2. språk når det gjeld kompetansekrav.

Bømlo kommune legg til grunn at departementet meina at lærarar i vaksenopplæringa samla sett har ei formell godkjent utdanning som kvalifiserer til undervising i norsk skule.

Strengare språkkrav for å oppnå statsborgarskap jf statsborgerloven §§7, 8:

Koplinga til opplæring og statsborgarskap er uheldig. Krava til å få statsborgarskap bør ikkje hevast. Det vil vere få som får statsborgarskap dersom B1- munnleg skal vere kravet. Derimot bør ein opp på dette nivået for å vere kvalifisert til norsk arbeidsliv. Koplinga kan føre til kjensle av utanforskap

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for dei som har vidaregåande opplæring som del av introduksjonsprogrammet sitt jf §31:

Bømlo kommune er svært skeptisk til at departementet foreslår at fylkeskommunen skal overta fleire av oppgåvene som i dag er kommunen sine. På side 166 i høyringsnotatet seier ein at «fylkeskommunen skal sørge for opplæring i norsk og samfunnskunnskap til personar i målgruppa som går fulltid i vidaregåande opplæring både for de unge under 25 og for vaksne.»

Vidare står det i notatet: "Departementet mener det er rimelig at fylkeskommunene får deler av tilskuddsmidlene som i dag tilfaller kommunen for disse personene".

På tross av at formell kompetanse skal vere målet, er det kommunen sitt ansvar å tilby unge og eldre opplæring i grunnleggjande ferdigheiter og opplæring på grunnskulen sitt område. Tilsette i kommunal vaksenopplæring har høg kompetanse og lang erfaring med opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Bømlo kommune er også uroa for at dersom inntektsgrunnlaget til kommunen vert svekka, vil det kunna føre til eit dårlegare opplæringstilbod for deltakarar i kommunal vaksenopplæring.

I tillegg til at dei økonomiske midlane framleis bør ligge i kommunane, er det ingen ting i vegen for at departementet kan utfordre både fylkeskommunane og kommunane å finne gode samarbeidsformer. Det finnast allereie gode lokale modellar for kombinasjonsklassar, der utgiftene er delt mellom kommune og fylkeskommune. Bømlo kommune har eit godt samarbeid med vidaregåande skule i kommunen, og ser på dei som viktige i kvalifiseringsarbeidet.

Forslaget til departementet kan føre til at fylkeskommunen no vil busetja flyktningar der dei har eigne klassar på vidaregåande skule, i staden for å oppretta gode ordningar i heile fylket. Bømlo meiner sentralisering av flyktningane ikkje fremjar integrering.

Introduksjonsstønad jf. kap. 5 Introduksjonsstønad:

Ein må sikra at introduksjonsstønad gjer flyktningar i stand til å gjennomføre ei god kvalifisering.

Når det gjeld f råvere og permisjonar for deltakarar i introduksjonsprogrammet foreslår departementet inga endring i dette regelverket . Det er eit ynskje at ein harmoniserer permisjonsregelverket i introduksjonsprogrammet med det ordinære arbeidslivet . Det vil sei at permisjonsdagar i samband med høgtider ikkje gjev rett til løn.