Eit meir profesjonelt kulturliv
Vi stiller oss bak målet for regionale kulturfond i KUD sin Prop. 1S (2022-2023): « Regjeringen har derfor iverksatt utredning av regionale kulturfond som skal stimulere til økt kunst- og kulturaktivitet lokalt. Målet er å styrke samspillet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv, i tillegg til å forsterke lokal og regional kulturfrivillighet.»
For å dyrke fram og leggje til rette for eit sterkare lokalt kulturliv treng ein eit klarare samspel mellom dei profesjonelle kunstnarane og dei frivillige kreftene i kulturlivet. Vi stør forøvrig Kunstnarnettverket sitt innspel om at formuleringa om at ordninga skal «styrke samspill mellom profesjonelt og frivillig kulturliv» kan vera meir hensiktsmessig om ordlyden er at ordninga skal «styrke profesjonelt og frivillig kulturliv, og samspillet mellom disse».

Ambisjonar for kunsten og det regionale kulturlivet
Vi ønskjer vidare og å trekke fram dei klare måla i kulturmeldinga «Kunstnarkår», særleg målet om at « Det vil kunne byggje opp under ambisjonen om å leggje betre til rette for profesjonell kunstnarleg verksemd i alle regionar.» Dette støtter vi.
Per i dag har ein generelt sett for lave ambisjonar for kva kunst og kultur kan vere for det norske samfunnet. Desse ambisjonane må byggast til eit nivå som gjev samfunnet eit framifrå kulturelt tilbod og djupe kunstnariske opplevingar. Avsetjingane til ordninga med regionale kulturfond speglar ikkje slike ambisjonar; om den skal gjere det må den aukast monaleg i åra framover.

Det trengs kunst- og kulturfagleg kompetanse
I utkastet er det ikkje skissert noko krav til oppretting av eit fordelingsutval eller til at tildelingane vert kvalitetssikra med kunst- eller kulturfagleg kompetanse. Krav til dette seier departementet kan vera i strid med kommunane sitt sjølvstyre. Vi ser ikkje korleis dette kan vere styrande åleine. Ei rekkje aktørar har i tidlegare høyringsrundar kome med innspel om at kulturlivet sine organisasjonar bør vere representerte i eit eige utval som styrer tildelingane frå fondet. Om ikkje anna så må ein ha eit minimumskrav om at dei i forvaltinga som tek slike avgjerder sit inne med brei kulturfagleg kompetanse.
Innovasjon og utvikling
Vi stiller oss bak dei tidlegare innspela i frå Fylkesordførar-/rådsledarkollegiet i KS si felles uttale om at dei regionale kulturfonda må vise omsyn til og gje rom for innovasjon og utvikling i sine tildelingar ikkje berre aktivitet. Å opne for regionale tilpassingar er klokt meiner vi. Fridom til breie forvaltingsmessige og kunstnarlege samarbeid kan heve kvaliteten på tiltaka i fondet og gje uttrykk for ambisjonane ein bør ha for kulturområdet.
Konklusjon
I all hovudsak støtter vi departementets sitt framlegg til forskrift. Vi vil klart råde til at det leggast inn krav om å nytte kunst- og kulturfagleg kompetanse prosessen for tildeling i ordninga. Vi positive til de kulturpolitiske intensjonane som ligg bak dei Regionale kulturfonda, og meiner det vert spanande å sjå om ein klarer å vise fram og levere på ambisjonane for kunsten og kulturen i fonda.
[1] https://op.europa.eu/en/publication-detail/-/publication/07370fba-110d-11ee-b12e-01aa75ed71a1/language-en
[1] https://op.europa.eu/en/publication-detail/-/publication/07370fba-110d-11ee-b12e-01aa75ed71a1/language-en