🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring Forslag til endringer i barnehageloven Regler om barnehagemiljø

Lærdal kommune

Departement: Kunnskapsdepartementet
Dato: 13.11.2019 Svartype: Med merknad Innspel til høyring om endring i barnehagelova om barns psykososiale miljø Fleire vaksne i barnehagen . Positive forslag om endringar som tydeleggjer ansvaret. Men med dei nye krava til systematisk arbeid med førebygging, undersøking, handling og oppfølging må departementet i forlenginga av lovendringa ruste barnehagane til å vere i stand til å utføre oppdraget. I dag er det ofte slik at det skjer uheldige episodar, men barnehagen har ikkje nok vaksne til å gripe inn og følge opp. Personalet burde og vere i forkant mange gonger for å førebyggje og forhindre uheldige epsiodar. Systematisk observasjon er tidkrevjande og handling/tiltak i barnegruppa krev at vaksen er tett på og kan gripe inn og retteleie borna heile dagen. I store deler av dagen er det færre vaksne til stades. Med eittåringar som korkje kan gå, eller gi verbalt uttrykk for sine behov, er det krevjande å jobbe førebyggjande og med god oppfølging. Det er behov for fleire vaksne som er tettare på slik lovkravet legg opp til. Det vil vere naturleg å gå vidare med lovkrav om grunnbemanning i heile opningstida som eit minimum . Då vil ein sikre at alle barnehagar kan vere i stand til å drive etter lovkrava. 2. Rettstryggleik for dei tilsette i barnehagen Det er viktig at departementet sikrar rettstryggleiken for dei tilsette med bakgrunn i trygging av miljøet i barnehagen. Dette gjeld særleg i situasjonar der barn/foreldre peikar på namngjevne tilsette knytt opp til årsaksforhold for barnet sin mistrivsel. Dei tilsette har krav på ei forsvarleg behandling i saker som skulle oppstå. Lovkravet utløyser nokre problemstillingar som departementet lyt tydeleggjere; Å «angi» medarbeidarar eller rettleie til betre praksis Krenkingar kontra grensesetjing; Små born treng hjelp til regulering og treng nokre gonger å verte stoppa frå å skade seg sjølv eller andre born. Korleis bruke fysisk makt utan å krenke? Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"