🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - utkast til forskrift om Regionale kulturfond

Språkrådet

Høyringssvar frå Språkrådet om utkast til forskrift om regionale kulturfond
Departement: Familiedepartementet 8 seksjoner

Bakgrunn

Språkrådet er staten sitt forvaltningsorgan i språkspørsmål og følger opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Språklova gjev det offentlege ansvar for å bruka, utvikla og styrka bokmål og nynorsk og dei samiske språka. Ho omfattar eit særleg ansvar for å fremja nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket.

Lova gjev også det offentlege ansvar for å verna og fremja dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Det inneber at det offentlege skal setja i verk tiltak for å auka bruken av dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk, og verna språka mot negative sanksjonar.

Merknader frå Språkrådet

Språkrådet stør regjeringa sitt forslag om oppretting av regionale kulturfond, og ventar at ordninga bidrar til å styrka dei språka det offentlege har eit særskilt ansvar for etter språklova.

Merknad til ordlyden i føremålsparagrafen (§ 1)

Departementet ber om innspel til ordlyden i føremålsparagrafen.

Språkrådet meiner det bør koma tydeleg fram at ein del av føremålet til ordninga må vera å styrka kulturtilbodet på dei språka som er omfatta av språklova. Slik kan tilskotsordninga etter Språkrådets syn i større grad bidra til «gode lokalsamfunn og eit opent, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet», slik det står i utkastet til forskrift § 1.

I Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida (kulturmeldinga) heiter det at samiske språk er «ein føresetnad for eit levande samisk kulturliv og den fremste formidlaren av samisk kultur, historie og identitet» (s. 73). Sametinget har ikkje aleine ansvaret for å utvikla samisk kunst og kultur. Det ansvaret har også aktørane i kulturlivet og det offentlege på alle forvaltningsnivå.

Språkrådet meiner det er viktig at desse omsyna blir eksplisitt formulerte i forskrifta for å ha tiltenkt effekt.

Grunngjeving

Språkrådets forslag framhevar at det kulturpolitiske ansvaret til styresmaktene gjeld alle språka som er omfatta av språklova. Språk er kultur, og språk er ein grunnleggande infrastruktur for kulturen. I språklovproposisjonen (Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk) vert det skildra korleis kvart einaste språk er ein kulturell rikdom. Kulturmeldinga slår fast at «språket er den fremste beraren og formidlaren av kultur, historie og identitet», og at «[k]ultur og språk er knytte uløyseleg saman» (s. 9). Tilskotsordninga må støtta opp under målet i kulturmeldinga om eit fritt og uavhengig kulturliv som styrker norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggande kulturberarar. Her minner vi om det særlege ansvaret som ligg i språklova om å styrka nynorsk, som det minst brukte norske skriftspråket.

Ei styrking av kulturtilbodet på desse språka vil òg kunne bidra til dei overordna kulturpolitiske måla om å ta vare på og formidla kulturarv og skapa og formidla eit relevant kulturtilbod som representerer befolkninga. Det vil òg kunna bidra til å skapa møteplassar og bygga språkleg fellesskap.

Merknader til 4.3 Forvaltning, forankring og medverknad

Departementet ber om innspel til forslaget om at fylkeskommunane står fritt til å organisera forvaltninga av Stortinget si løyving, nemnt i utkast til forskrift § 2 første ledd: «Ordningen forvaltes av den enkelte fylkeskommune, på bakgrunn av Stortingets bevilgning. Flere fylkeskommuner kan samarbeide om forvaltningen.»

Språkrådet har ikkje særlege merknader til forslaget, men understrekar igjen at tilskotsordninga må innrettast slik at ho bidreg til å fremma likestilling mellom bokmål og nynorsk, og slik at ho sikrar vern og status for alle språka staten har særskilt ansvar for.

Merknad om samiske interesser og dei nasjonale minoritetsspråka

Departementet ber om tilbakemelding på om det er behov for ei særskild regulering av involvering av representantar for samiske interesser.

I høyringsnotatet skriv departementet at ein er oppteken av at interessene til samiske og nasjonale minoritetar vert tekne omsyn til i forvaltninga av ordninga. Departementet si vurdering er likevel ikkje at eit slikt særskilt omsyn skal inn i forskrifta, då samelova kapittel 4 gjev tilstrekkeleg regulering av konsultasjonar med representantar for samiske interesser.

Samelova regulerer ansvaret for samiske språk, men språklova gjev i tillegg alle sektorar eit ansvar for å styrka og bruka samiske språk, og for å verna og fremma kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

Språkrådet meiner at forskrifta til regionale kulturfond bør innehalda ei presisering som tydeleggjer at fylkeskommunane må ta omsyn til ansvaret dei har for desse språka, i forvaltninga av tilskotsordninga. Ei slik presisering kan legga til rette for at brukarar av norsk teiknspråk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka møter språka sine i kulturlivet, og at interessene og rettane deira vert varetekne.

I sluttrapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen kjem det fram at fornorskingspolitikken har ført til tap av språk og kultur for skogfinnar, kvenar og samar. Språk er ein av pilarane som forsoningsarbeidet må bygga på ifølge rapporten, og kommisjonen foreslår ei målretta satsing på, og ei synleggjering av, kvensk og samiske språk i det offentlege (Sannings- og forsoningskommisjonen, s. 653). Noreg er dessutan gjennom den europeiske pakta for regions- eller minoritetsspråk (ECRML, del III) forplikta til å gje støtte til kulturelle initiativ og institusjonar, for å verna og utvikla minoritetsspråka samisk, kvensk, romani og romanes. Noreg er også part i rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar (FCNM), og forpliktar seg til å legga til rette for at dei som høyrer til nasjonale minoritetar, vert sikra effektiv deltaking i det kulturelle, sosiale og økonomiske livet og dei offentlege sakene som særleg vedkjem dei (artikkel 15). Artikkel 5 i FCNM slår fast at Noreg som part skal legga til rette for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, skal kunna oppretthalda og utvikla kulturen sin og verna dei vesentlege elementa i identiteten sin, nærare bestemt religion, språk, tradisjonar og kulturarv.

Merknader til 4.4 Kven som kan søka og tildelingskriterium

Departementet ber om tilbakemelding på om avgrensingsreglane som er foreslått i utkastet, er føremålstenlege, og om det finst andre naudsynte avgrensingar.

Språkrådet rår departementet til å vurdera ei avgrensing knytt til språk. Midlane bør gå til kulturverksemder som ikkje har hovudproduksjonen sin på engelsk. Språka som er omfatta av språklova, er på ulike måtar under press frå engelsk, og det vil difor vere i tråd med sentrale språk- og kulturpolitiske målsettingar at det er innhald på dei norske språka, og ikkje engelskspråkleg innhald, som blir styrkt gjennom ordninga.

Språkrådet rår også departementa og fylkeskommunane til å laga ei rettleiing til føremålsparagrafen § 1 og tildelingsparagrafen § 4, som kan rettleia fylkeskommunane i korleis dei kan ta omsyn til språka det offentlege har ansvar for innanfor rammene av ordninga.

Referansar:

Dokument 19. (2022-2023). Sannhet og forsoning. Rapport til Stortinget. Sannhets- og forsoningskommisjonen. https://www.stortinget.no/globalassets/pdf/sannhets--og-forsoningskommisjonen/rapport-til-stortinget-fra-sannhets--og-forsoningskommisjonen.pdf Europarådet. (1992). Europeisk pakt om regions- eller minoritetsspråk - ETS. Nr. 148 (5. november 1992). https://www.coe.int/en/web/conventions/full-list?module=treaty-detail&treatynum=148

Europarådet. (1995). Rammekonvensjon for beskyttelse av nasjonale minoriteter - ETS. Nr. 157. (1. februar 1995) https://rm.coe.int/16800c10cf

Kulturdirektoratet, Sametinget og Samerådet. (2024). Kartlegging av arbeid med samisk kunst og kultur. https://www.kulturdirektoratet.no/documents/10157/e30031d2-7bdb-441b-86c1-5ca0c022485c

Kultur- og likestillingsdepartementet. (2023-2025). Rom for deltakelse - regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023-2025). https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/rom-for-deltakelse-regjeringens-kulturfrivillighetsstrategi-2023-2023/id2974198/?ch=1

Meld. St. 8, 103.1 (2018-2019). Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida Kultur- og likestillingsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-8-20182019/id2620206/

Meld. St. 18 (2020-2021). Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge. Kultur- og likestillingsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-18-20202021/id2839455/?ch=1

NOU 2022: 9. (2022). En åpen og opplyst offentlig samtale, Ytringsfrihetskommisjonens utredning . Kultur- og likestillingsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2022-9/id2924020/

Sameloven. (1989). Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven) . (LOV-1987-06-12-56). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1987-06-12-56/KAPITTEL_2#%C2%A72-5

Prop. 108 L (2019–2020). Lov om språk (språklova). Kultur- og likestillingsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-108-l-20192020/id2701451/?ch=1