🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - utvidelse av rettighetsbestemmelsen om brukerstyrt personlig assistanse...

Fjaler kommune, Helse og omsorg

Departement: Omsorgsdepartementet 1 seksjoner
Høringssvar frå Fjaler kommune

Utviding av rettighetsfestinga gjeld personar over 67 år som før fylte 67 år har fått innvilga BPA. Den noverande ordninga der kommunen får refundert 80 % av utgifter over innslagspunktet for ressurskrevjande brukarar stopper per i dag når brukar fyller 67 år. For at kommunen skal kunne yte forsvarlege helse- og omsorgstenester til alle brukargrupper, er det naudsynt at refusjonsordninga og vil gjelde for brukarar over 67 år. Om refusjonsordninga vert vidareført, vil det vere mogeleg å forlenge ei BPA-ordning etter at brukar har fylt 67 år så lenge brukar kan vere ansvarleg for organiseringa.