🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - utvidelse av rettighetsbestemmelsen om brukerstyrt personlig assistanse...

Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane

Departement: Omsorgsdepartementet 1 seksjoner

Høyringsfråsegn. Utviding av rett til BPA for bestemte personar over 67 år

Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane har handsama høyring med forslag om utviding av retten til brukarstyrt personleg assistanse (BPA) for bestemte personar over 67 år. Fylkesrådet for eldre er positive til forslaget til rettigheitsendring. Fylkesrådet meiner vidare at Helse- og omsorgsdepartementet bør sjå på om ein også bør ha rett til vedtak om BPA dersom behovet oppstår etter fylte 67 år.

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring forslag om utviding av rettigheitsbestemminga om BPA for bestemte personar over 67 år. Fylkesrådet for eldre meiner denne endringa er viktig og god, då BPA vil vere eit godt tenestetilbod for mange også etter fylte 67 år.

Fylkesrådet for eldre meiner Helse- og omsorgsdepartementet no bør sjå på moglegheita for å utvide retten også til personar over 67 år med langvarig og stort behov for personleg assistanse. BPA er med å gje brukarane av tilbodet større fridom til å vere med å styre innhaldet i tenestene. Dette kan gje betre teneste for ein del brukarar enn andre kommunale helse- og omsorgstenester. Som det kjem fram av høyringsskrivet frå departementet er BPA ofte ikkje eit dyrare tiltak enn andre hjelpetenester, men kan tidvis vere betre tilpassa brukaren sine individuelle behov.

Harald Ekroll leiar fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane

Åge Avedal rådgjevar / sekretær fylkesråd for eldre