Utvidelse av rettighetsbestemmelsen om brukerstyrt personlig assistanse for bestemte personer over 67 år
Stryn kommune vil med dette på vegne av kommunane i Nordfjord; Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn sende høyringsutale til departementet.
I høyringsnotat frå Helse- og omsorgsdepartementet «Utvidelse av rettighetsbestemmelsen om brukerstyrt personlig assistanse for bestemte personer over 67 år» viser departementet til at dei er opptekne av at ein må skape trygge og føreseielege rammer rundt tenestetilbodet til personer med store og langvarige behov. Det vert i høyringsnotat vist til at eldre vil leve lenger enn tidlegare, og at mange har både 20 og 30 år som pensjonistar framføre seg. Det vert difor føreslege at dei som har rettigheit til brukarstyrt personelg assistanse (BPA) før fylte 67 år skal fortsette å ha denne rettigheita også etter 67 år.
Det ligg ikkje føringar på at brukarar som er over 67, som ikkje tidlegare har hatt BPA, vil ha same rettigheit. Forslaget er difor ei vidareføring av allereie eksisterande tilbod.
Departementet viser til at dei som har BPA er menneske som ofte har hatt omfattande og langvarig kontakt med helse- og omsorgstenestene, og som i samarbeid med kommunen har kome fram til eit tenestetilbod og ei ordning som fungerer. Regjeringa er oppteken av at denne gruppa har tryggheit for at dei får behalde ordningar med brukarstyrt personlig assistanse som er løyvd med utgangspunkt i rettigheitsbestemmelsen også etter fylte 67 år. Dette meiner dei vil bidra til å styrke den einskilde si sjølvstende og tryggheit og legg til rette for å nytte den einskilde sine ressursar. Kommunane i Nordfjord seier seg einige med departementet i at det kan vere ein fordel for denne brukargruppa å behalde same tilbod også etter fylte 67.
Utfordringa for kommunane sin del vil bli den økonomiske konsekvensen. Kommunane seier seg ikkje einige med departementet i deira oppfatning om at forslaget ikkje vil medføre meirkostnadar for kommunane. Tenester som vert ytt som brukarstyrt personleg assistanse kjem ofte innunder kategorien ressurskrevjande tenester. Inntil fylte 67 år får kommunen refusjon for 80% av utgiftene kommunen har utover eigenandelen som vert vedteken kvart år. I høyringsnotatet går det ikkje fram at regjeringa har planlagt å endre aldersgrensa for denne ordninga. Det vert dermed føreslege endring i rettigheitsfesta BPA utan å samstundes føreslå endring i reglande rundt refusjon til ressurskrevjande tenester. Kommunane sitt handlingsrom for tildeling av tenester vert innskrenka utan at ein har moglegheit å styre økonomien rundt dette sjølv.
Dette ser kommunane som urimeleg. Kommunane er klar over at eldre vil leve lenger slik det vert vist til i høyringsnotatet. Vi vil difor peike på at ordninga med ressurskrevjande tenester må verte endra i takt med nye rettigheitsfesta tenester som kommunen vert pålagt.
Endringa som er føreslege vil bli kostnadskrevjande for dei kommunane som vert råka.
Dersom ein vidareføre retten til BPA utover dagens grense på 67 år, må det også følgje med ressursar.