🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – NVEs forslag til en nasjonal ramme for vindkraft på land

Andreas Lund

Departement: Familiedepartementet
Dato: 01.10.2019 Høringssvar nasjonal ramme for vindkraft. Haugaland og Sunnhordland. Tysvær kommune. TANKAR PÅ SØNDAGSTUR, OM MOTLØSHET, TÅRER OG HÅP Det er søndag morgon, nordvest vind og regnbyger. Altså fint turvær. Eg kler meg etter været, tek ein omveg for å få ein enda lengre og flott tur til fjellet «Hest», på Liarvåghalvøya. Dette er mitt barndoms paradis, som foreldra mine, tok oss ungane opp til, like frå vi var små. Me lærte respekt for, og kjærlighet til skaparverket. Og, me lærte også tidleg å setja pris på alt det som naturen har å gi, i form av bær, nøtter og blomster. Jakt-og fiske interessene kom etter kvart som åra vart fleire. Denne turgleda har eg fått delt vidare til eigne barn. Og då minsten, kanskje sovna i bæremeisa, la me han rett i lyngen under «kaffikosen», og der sov han vidare! Og gjennom kos, leik og lokking, for det måtte også til innimellom, har ungane lært seg å bli glade i nærområdet, og tek i dag sine ungar med på tur. For min del så har dette området vore arena for mi fugle-og dyreinteresse. Og i «minneboka» ligg mange flotte opplevingar. Kan nemna orrfugl i spel, hauk i rypeflokk, eller f.eks. då ein svær grågåsflokk, på veg mot sør, passerte lågt over meg på «Hestplatået». Eg nærmar meg nå området der den tette skogen går over til opnare fjellterreng, og tankane går til dei som alt har fått sine paradis, øydelagde av vindturbinar. Det gjorde stekt inntrykk på meg, møtet der «samtidsvitna» frå Fitjar, med gråtkvalt stemme, fortalde korleis dei hadde fått livskvaliteten sin sterkt redusert. Dei trudde i utgangspunktet på utbyggjar sitt utsagn, om at dei ikkje ville merka noko til vindturbinane. Men etter at anlegget var montert, var realiteten ein heilt annan. Støyen var eit stort problem, og i tillegg så var «fjellet deira», ikkje lengre aktuelt som turområde og rekreasjon. Eg blir trist og lei meg der eg går, ved tanken på alle turbinane rund Norskekysten, som grip slik inn i livet til dei mange naboane av dei ulike anlegga. Når også nyare forskning på infralyd, tyder på at denne kan ha negativ innverknad på mennesker og dyr, heilt til ein radius av 20 km.avstand, så er det svært mange som er ramma. Eg er nå komme opp på «snaufjellet», og eg kjenner på ein klump i halsen, og ei tåre i augnekroken. For NVE har jo faktisk peika ut eit stort område, der «Hest» inngår som godt eigna til vindkraft . Og der eg går og ser oppover mot sjølve toppen, så ser eg for meg korleis mitt «barndomsparadis» vil bli øydelagd av eit eventuelt vindkraftanlegg. Bort- sprengde haugar, der myrrennene er fylte i av sprengstein, og på kvar ein topp står eit monster av ein turbin. Eg kjenner smerte langt inn i ryggmargen, berre ved tanken. Men så kjem ei «vindråse», tek tårene mine med seg, og eg må trøysta meg sjølv med, at dette skal ikkje skje. Så er eg komme så langt at eg får vidt utsyn mot havet i vest. Og der, på fjellet mellom Hervik og Kårstø, er det planlagt 11 gigant turbinar. Ved tanken på dette, kjenner eg både tårene sprengja på, og klumpen i halsen vert større. Sjølv er eg så heldig, at der eg bur vil eg verken sjå turbinane eller bli påverka av støy eller infralyd. Men når eg tenkjer på alle dei som vil bli plaga og påverka av desse turbinane, så kjenner eg at dette må eg berre vera med å kjempa mot. Som naturelskar, dyre-og fuglevenn, så kjenner eg også på behov for å kjempa deira sak. Og som fiskar, har eg ikkje tal på alle dei gongene eg har betrakta havørna sin luftakrobatikk, når ho går ned og fangar fisken eg kastar ut. Eller berre nyt synet av desse flotte fuglane, der dei flyt med rolege venger på oppluftstraumane. Havørnbestanden på Haugalandet er pr.i dag ikkje trua, men vert dette vindindustrianlegget bygd, så er framtida meir usikker for desse fasinerande fuglane. Orrfugl bestanden i området, er derimot trua. Og blir turbinane bygde, er det stor sannsynlighet for at det ikkje blir lettare å vera orrfugl. Der eg går, lettar ei «piplerke» frå bakken, og gir frå seg sine kjente pip. Men eg synes å spora litt ekstra sorg i den ellers litt monotone lyden. Kanskje har dei alt forstått at noko alvorleg er på gong. Nokre dagar kjenner eg på motløshet. Rapportar frå andre områder der naturøydelegginga vert sett i gong, trass i både kommunale og private protestar. Og slikt gjer at ein lett kan tenkja at det same vil vel hende i Tysvær og. MEN – me skal ikkje gi oss. Kjensla av at skaparverket, som har gitt meg så enormt mykje gjennom eit langt liv, nå treng litt «hjelp» av meg, er sterk. Og eg er villig til å gjera ganske mykje, for å vera med på å sikra, at fuglane som eg er så glad i, skal sleppa å bli vengeklipte av desse monsterturbinane. Solnedgangane på Hest, kan ofte vera ei stor oppleving. Alt etter årstida går sola ned bak Bokn eller nordover mot Bømlo. Og eg har heller ingen interesse av å få solnedgongsopplevinga på Hest øydelagd av slike kraftverk. Ellers så er berekna levealder for ein turbin sagt å vera 15-20 år. Bilder av gamle turbinvenger, viser tydeleg at det foregår avskalling av mikroplast frå blada, noko som kan føra til forureining av grunnvatn. Og ser ein på energibehovet i produksjon av turbinane, transport, energibehov i «voldtektsprosessen» av fjellet, og også nedmontering og eventuell resirkulering av dei delane som let seg resirkulera, så er det også tvilsamt om ein slik kraftproduksjon er bærekrafig. Vindturbinar til havs, er etter mi meining heller ikkje ei god løysing. Istaden for vindkraftverk, meiner eg at alle dei gamle vasskraftverka bør oppgraderast, noko som vil gi større «kraftgevinst», enn kva ei storstilt vindkraftutbygging vil gi. I tillegg er det kanskje på tide å slutta å snakka om økonomisk vekst, og heller ta betre vare på det me alt har. Me høyrer jo til den rikaste delen av kloden, så kanskje er det andre enn oss sin tur, til å håpa på økonomisk vekst! Mvh. Andreas Lund Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"