Ingeborg, Sigrid Karin og Gunnar Dolve
Landbruks- og matdepartementet
Høyringsinnspel til forskrift om kompensasjon for avvikling av pelsdyrhald
Det har vore sagt av mange sentrale politikarar at ingen skal lida økonomisk tap som fylgje av forbodet mot pelsdyrdrift. Noko anna enn dette kan me ikkje akseptera, og krev difor at forskrifta vert vesentleg endra slik at det både vert gjeve full erstatning for den investerte kapitalen og ein inntektskompensasjon i ein overgansgangsfase,
Me har fylgt med på politiske debattar og meiningsytringar, både innanfor og utanfor dei politiske organ. Spesielt spennande var prosessen frå lovforslaget vart lagt fram til det var handsama i Stortinget. Representantar frå alle politiske grupperingar sa tydeleg at pelsdyrbøndene skulle få ei god ivaretaking og økonomisk erstatning. Dette har vore sagt så mange gonger, av både landbruks- og matministrar og mange andre, at dei som ikkje har sett seg inn i saka trur det er sanninga. Ut frå dette er det skremmande å lesa i høyringsnotatet at « Forslaget til kompensasjonsordning er ikke utformet for å gi «full erstatning» i tråd med prinsippene i Grunnloven § 105.»
Når det ikkje er meininga å gje oss full erstatning, burde politisk nivå ha vore opne og ærlege om dette. Me vil sitja att med eit urimeleg tap , og vil ikkje ha klagerett på dette. Me les det same i brevet som Statsminister Erna Solberg sende til Ingeborg den 23. mai, der står at «de som har pelsdyr ….. ikke taper alt for mye på det.» Det er rett og slett tilsikta!
I ei slik sak der både fysiske verdiar og inntektsgrunnlaget vert teke frå oss, burde me ha fått ei rettferdig erstatning etter takst for bygningar, maskiner, avlsdyrbesetning og det som er investert i veg, vatn, avlaup, elektrisitet og anna infrastruktur. I tillegg burde me hatt kompensasjon for inntektsbortfall i ein overgangsperiode.
Litt om vår situasjon
Me har ein middels stor pelsdyrgard, med om lag 300 revetisper. Denne vart starta av førre generasjon på bruket, og har vore driven i 30 – 35 år. Pelsdyrgarden ligg på landbrukseigedomen vår, og me har satsa på denne som den viktigaste inntektskjelda på bruket. Me har ikkje ein fersk takst på pelsdyrfarmen, men meiner det ville kosta 4-5 millionar å byggja den opp frå starten av i dag. Tidlegare har me drive med sau og jordbær, men har no sal av silorundballar som einaste driftsform på jordbruksarealet. Pelsdyrproduksjonen har gjeve sikre innteker og eit godt overskot, medan sal av silorundballar gjev tap når me tek omsyn til faste kostnader til maskiner og bygningar. Det vil vera vanskeleg å finna andre næringar som kan gje like gode overskot som pelsdyrnæringa har gjort. Grunna at me har vore nøysame i samband med både utbygging, drift og vedlikehald, har me relativt lite gjeld knytt til pelsdyrdrifta. Me er difor redd for at me ligg utanfor målgruppa som er omfatta av Stortingsvedtaket om « urimelige utslag i samlet utmåling av kompensasjon» . Me kjenner oss både overkøyrde og trakka på av den uryddige og uredelege handsaminga me har vore utsett for.
Stor eigeninnsats i bygge- og ikkje minst ombyggingsfasen vert ikkje verdsett. Utover på 2000-talet har me tilpassa pelsdyrgarden til nye forskrifter. Me har brukt mykje tid på å bygga om bura, setja opp kraftig og høgt gjerde, gravearbeid for å leggja straum og vatn fram for å etablera frostfritt vatningsanlegg og også utvida det utbygde området for å kunna oppretthalda produksjonen med auka krav til burareal pr dyr. Berre det innkjøpte utstyret har vorte aktivert, og er ein del av den bokførte verdien no.
Me føler no at me har vorte lurte, og har ingen motivasjon for å halda fram med drifta. Frå og med komande årsskifte vert farmen vår tømd for dyr. Me skulle gjerne ha visst sikkert kva vilkår som gjeld for den økonomiske kompensasjonen når me no må leggja ned, og er sterkt kritiske til at dette ikkje er på plass. Etter mange år med utgreiingar og politiske prosessar, er det uforståeleg at rettferdige vilkår ikkje er på plass.
Den psykologiske belastninga denne prosessen har ført til, og kostnader og tapte inntekter fortvilinga fører til, burde vore eit eige erstatningspunkt i forskrifta.
Me kommenterar i det fylgjande nokre av paragrafane som må endrast:
§ 4 Avviklingsperiode
Avviklingsperioden er eit hån, spesielt når den i prosessen i Stortinget vert brukt som eit argument for å avkorta erstatninga. I praksis ville det vore umogeleg for oss å driva fordi avstandane til fôrkjøkken og andre farmar er så stor. Me vil ikkje kunna få kjøpt fôr til ein forsvarleg pris gjennom avviklingsperioden.
§5 Kompensasjon for avvikling
Primært meiner me at dette burde ta utgangspunkt i den reelle verdien på pelsdyrfarmane. Investeringar og vedlikehald som er gjennomført ved eigeninnsats og delvis direkte utgiftsført kjem ikkje fram i bokført verdi. Den bokførte verdien er ein skattemessig storleik som ikkje fortel kva den verkelege verdien er. Det har vorte hevda at det er umogeleg å taksera rettferdig, men er det meir rettferdig å bruka bokført verdi + ein tilfeldig valt storleik. Dette er fullstendig feil.
Det finst fleire andre verdsettingsprinsipp som er minst like korrekte. Me viser her til at staten sjølv meiner at kostnadsverdi (nedskriven gjenanskaffingsverdi) er den riktige måten å verdsetja bygningar på i samband med konsesjon (går fram av rundskriv). Som nemnt over vil bokført verdi slå svært uheldig ut for oss. Me har eit godt vedlikehalde pelsdyranlegg som kunne vore drive i mange år. Avskrivingstida er kortare enn den reelle levetida når bygningar og utstyr vert godt vedlikehalde. Noko me ikkje har nemnt over, er at me også har bygd om sauehuset til pelsingslokale. Vidare brukar me stort sett alle tidlegare jordbruksbygningar til lager og liknande knytt til pelsdyrdrifta. Desse bygningane vert også nært verdilause, eller må byggjast om til anna drift med vesentleg kostnad.
Ved at me gjer pelsingarbeidet sjølve, sit me att med ein større del av overskotet, enn om me skulle sendt skinna til ein pelsingssentral. Korkje bygningsverdien eller meirverdien knytt til pelsingsarbeidet er tenkt kompensert slik forslaget til forskrift føreligg.
I tillegg til dette driv me også ei viktig verksemd ved at me vidareforedlar ein del av skinna til ferdige plagg og souvenirprodukt. Denne næringsgreina vil også forsvinna når me må leggja ned pelsdyrdrifta. Dette vert heller ikkje kompensert.
Sekundært krev me at den bokførte verdien frå 2017 må vera grunnlag for erstatninga. Ein årleg reduksjon på 7% verkar heilt urimeleg. Når reglane for erstatning ikkje er klare før siste halvdel av 2019, vil dette føra til at den bokførte verdien allereie er redusert med 13 – 14 % før me har høve til å tilpassa oss til regelverket. I det minste fram til reglane er vedtekne burde det ikkje vore reduksjon av den bokførte verdien. Dersom bokført verdi vert lagt til grunn, må som ovanfor nemnt alle bygningar brukt i drifta vera med i verdsetjingsgrunnlaget.
Når det gjeld storleiken på tispetillegget, er me også usikre på kva utrekningar som ligg til grunn. Det kunne like gjerne vore valt å seia at dette skal vera 4200 for mink og 8400 for rev. Me viser her til at NILF i samband med NOU 2014:15 kom fram til at summane burde vore 10000 for mink og 29000 for rev.
I denne samanheng meiner me at verdien av gode avlsdyr, som gjev oss høgare enn skinnpris enn gjennomsnittet, burde vore eit eige punkt i erstatningsoppgjeret. I ein normal situasjon ville me kunna få ei høgare nettoinntekt enn mange andre oppdrettarar. Både sal av skinn og livdyrsal ville vore viktige inntektsgjevande faktorar. Det biologiske mangfaldet vert vesentleg redusert når mange artar no vert ulovlege i norsk landbruk.
§6 Riving og opprydding
Det er viktig at alle oppryddingskostnader vert dekka. Me reknar det som sjølvsagt at bygningar vert rivne og materialane forsvarleg resirkulerte. Vidare må nedgravne vassleidningar, røyr, tankar og elektriske kablar også fjernast. Det er også behov for bruk av gravemaskin for å tilretteleggja farmområdet til alternativ drift. Omkopling av vatn og elektrisitet er også kostnader som må dekkast. Eigeninnsats må verdsetjast høgare enn planlagt, spesielt når det er snakk om maskinarbeid og fagarbeid.
§ 9 Urimelig lav kompensasjon
Ut frå forskriftsforslaget, som legg opp til at me ikkje skal få full kompensasjon, vil me tru at alle pelsdyroppdrettarar meiner at kompensasjonen er urimeleg låg. Korleis denne paragrafen vil verta nytta er spennande, men me meiner at staten burde teke desse kostnadene. I mange rettssaker vert det gjeve fri rettshjelp, og det burde vere ei sjølvfølge i dette høvet. Det vil verta dyrt å gjennomføra ein takst og elles å søkja råd hjå juristar og økonomar. Staten overkøyrer oss i denne samanheng, og vonar mange ikkje vil ta risikioen som ligg i å leiga dyktige fagfolk for å utarbeida dokumentasjon om at erstatninga er urimeleg låg.
Eit anna svært viktig moment er kva skattereglar som skal gjelda for kompensasjonsordninga. Når me no kjem i ein situasjon der me må «suga på labben», er det viktig at me får behalda midlane som vert utbetalte. Det mest rettferdige ville vera eit skattefritak, likt det som gjeld for gevinst på bustad og landbrukseigedom som har vore eigd i ein viss periode. Sekundært bør det vera mogeleg for å fordela skattlegginga over 5 år, eller å reinvestera midlane skattefritt.
I denne samanheng må me opplysa om at produksjonskostnaden for skinna me skal selja til neste år i hovudsak er teken i år. Dette i seg sjølv vil utløysa ei vesentleg skatteplikt i året etter avslutningsåret.
Avslutningsvis gjer me det klart at me forventar ei vesentleg styrka erstatningsordning, der rettferd skal vera utgangspunktet. Me vonar også at omstillingsordningane vert rausare enn kompensasjonsordninga som no er til handsaming. Ved at me misser stor del av eigenkapitalen gjennom den elendige erstatningsordninga, kan det ikkje stillast krav om eigenkapital for å gjera seg nytte av omstillingsmidlane.
Heilt til slutt vil me seia at usikkerheita som føl av den lange handsamingstida for avslutningsvedtak, erstatnings- og omstillingsordningar er svært slitande for oss. De kan ikkje fyrst slita oss ut med langtekkelege prosessar og etterpå forventa at me med stor glød vil starta opp ny næring med tilhøyrande oppstartsvanskar og annan risiko.
Sidan denne morgongåva frå Erna til Trine var så viktig, burde alt av seriøse fagfolk vore sett inn i arbeidet med regelverket frå 15. januar 2018. Ein brudgom med ryggrad betalar sjølv for morgongåva, han stel den ikkje!
Ingeborg Dolve Sigrid Karin Dolve Gunnar Dolve