Eg starta opp med pelsdyr i 1984.Då var eg ferdig med landbruksskula (agronomutdanning).Landbruksminister Gunhild Øyangen fronta pelsdyrnæringa.Pelsdyrnæringa skulle vere med å redde distrikta.Det var satsing og optemisme.
Eg skulle overta garden og ville ha pelsdyr (rev) som tillegsnæring.På garden var det ein nedlagt minkfarm.Denne starta eg å bygge om til rev.Eg brukte sparepengane mine til innkjøp av avlsdyr og materialer til ombygging av farmen.Eg har lagt ned ein enorm eigeninnsats gjennom mange år for å bygge om og seinare vedlikehalde farmen.
Eg kjøpte 10 drektige sølvrevtisper i 1984.Tispetalet auka gradvis kvart år.På det meste var det ca 180 avlsdyr i farmen.Då var det både blårev og sølvrev.Dette var på 1990 tallet.Far min var også med ein periode.
I seinare år kom det nye krav til burstørrelse og skjul/le til reven.Frostsikkert vatningsanlegg vart det også krav om.Dette har ført til mykje arbeid som det meste er gjort med eigeninnsats.
All eigeninnsats gjennom mange år kjem ikkje fram i regnskapstall (status).Vedlikehald blir heller ikkje med i status.
Bokført verdi på denne farmen er skrive ned over mange år.Eg har drive med pelsdyr i 35 år.
Eg har i dag 100 avlstisper med sølvrev.Bokført verdi på farmen er 22000,- kr.
Tispetillegget : 840 x 100 = 84000,-
Bokført verdi : 22000,-
106000,-kr er det eg fer i kompensasjon for at næringa eg har bygd opp blir lagt ned.
Dette føles ikkje bra ut når ein har prøvd å bygge sin eigen arbeidsplass!