Som minkfarmar på heiltid med store investeringar etter 2010 vil eg sende inn høringsvar på forslaget til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdyr.
Det er viktig at er vert ei mest mogeleg lik og rettferdig ordning. Det vert det ikkje med å nagle kompensasjonen til bokført verdi. Den kan vere svært ulik alt etter korleis ein har bygd opp farmen. Kva ein har lagt ned i eigen innsats, om ein har aktivert vedlikehald seinare o.s.v.
Det vart sagt av fleire frå regjeringsprtia sine folk at ingen skal lide økonomisk tap som fylgje av dette lovpåbodet. Mange vil ha store tap visst forslaget til departementet vert ståande.
Visst det er viktig å få vekk pelsdyrnæringa for å sitje ved kongen sitt bord, må ein ordne opp etter seg. Det går ikkje an at livsverket til mange familiar skal verte rive ned og så skal ein ikkje få erstatta det.
Med tanke på riving,må det vere mogeleg å starte med den visst ein vel å redusere drifta framfor å oppgradere slik ein ville ha gjort elles.
Det at stortingspolitikarar klårt og tydeleg seier at høyringsforslaget ikkje er i tråd med vedtaket i stortinget, er med å bryte ned tilliten til fagstatråden/departementet. Som politikar/statsråd er det viktig å hugse på kva ein har sagt tidlegare. Fagstatsråden sa vel at ho ville kunne sjå alle inn i auga etter at saka var ferdig. Det kan ho ikkje gjere med det foslaget som no ligg på bordet.