🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring NOU 2024:18 En universell tannhelsetjeneste

Pensjonistforbundet Førde

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

RESOLUSJON VEDTATT PÅ ÅRSMØTE I PENSJONISTFORBUNDET FØRDE 06.03.2025

Pensjonistforbundet har ei rekkje gonger sentralt og lokalt tatt opp det merkverdige ved at tennene som einaste organ i kroppen ikkje fell inn under folketrygda på lik line med anna helsebehandling.

Sidan august 2022 har eit regjeringsoppnemnd ekspertutval – Tannhelseutvalet – arbeidd ut frå eit fastsett mandat, og har hausten 2024 overlevert si utgreiing i form av NOU 2024:18 «En universell tannhelsetjeneste – Harmonisering, styring og offentlig ansvar» . Denne er no lagt ut på høyring med høyringsfrist 15. mars 2025.

Utvalet er i mandatet bedt om å foreta ein heilskapleg gjennomgang av tannhelsetenesta, her under organisering, finansiering og lovverket inkludert regulering og rettigheiter. Formålet er å legge fram ulike modellar for ei tannhelseteneste som kan bidra til betre tilgjengelegheit i heile landet. Utvalet skal mellom anna utarbeide og vurdere forslag som kan sikre at tannhelsetenestene blir likestilt med andre helsetenester, her under modeller for eigenandelstak. Dette inneberer å vurdere ei auke av det offentlege ansvaret for tannhelsetenester, til dømes gjennom den fylkeskommunale tannhelsetenesta, gjennom stønad til tannbehandling over folketrygda og/eller tannhelsetenester innlemma i spesialisthelsetenesta.

Utvalet har i sitt arbeid lagt vekt på følgande overordna vurderingar:

Det går fram av tannhelseutvalet si utgreiing at tannhelsa til befolkninga blir stadig betre, men at det er eit aukande behov for tannhelsetenester hos den eldre befolkninga. Det kjem også fram at ein høgare del av befolkninga i Norge oppgir å ha eit udekka behov for tannhelsetenester enn gjennomsnittet i EU.

Utgreiinga syner elles ei retning som i stor grad samsvarer med det Pensjonistforbundet over lang tid og i fleire samanhengar har meint og gått inn for. Slik situasjonen er i dag, vert det skapt eit unødvendig økonomisk og sosialt skilje, og mange eldre sluttar å gå til tannlege på grunn av økonomi.

Tannhelsetenesta i Norge i dag består av ein offentleg sektor som yter tannhelsetenester til delar av befolkninga etter lov om tannhelsetenesta, og ein privat sektor som tilbyr tannhelsetenester til den resterande delen av befolkninga. Den offentlege tannhelsetenesta er organisert under fylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal både organisere førebyggande tiltak for heile befolkninga og gi eit regelmessig og oppsøkande tilbod om tannhelsetenester til gitte grupper i tannhelsetenestelova si § 1-3 (lovdata.no) .

Desse gruppene er omfatta av tannhelsetenestelova:

* Denne gruppa betaler ein eigenandel. Eigenbetalinga skal ikkje vere høgare enn 25 prosent av departementet sine fastsette takstar (inkludert eventuelle utgifter til tanntekniske arbeid). Gruppa inkluderer dei som fyller 19 og 24 år i behandlingsåret.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2024 og statsbudsjettet 2025 er det vedtatt at vaksne i aldersgruppa 25–28 år skal få tilsvarande tannhelsetilbod som aldersgruppa 19–24 år.

Den offentlege tannhelsetenesta kan i tillegg yte tenester til vaksne pasientar mot betaling etter fylkeskommunen sine føresegner og fastsette takstar.

Fylkeskommunen skal sørge for å tilby slike tenester i område av fylket der det ikkje føreligg anna tilstrekkeleg tilbod.

Fylkeskommunen skal også sørge for at tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, er tilgjengelege for alle som bur eller oppheld seg i fylket. Fylkeskommunen har eit samordningsansvar for den offentlege (fylkeskommunale) tenesta og privat sektor.

Medan tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta blir betalt i samsvar med takstar fastsett av departementet, er det fri prissetting i privat sektor sjølv om dei fleste truleg følgjer Tannlegeforeininga sine rettleiande satsar. Systemet medfører uansett at personar ikkje inkludert etter tannheletenestelova med dårleg råd og store tannlegeutgifter er prisgitt private tilbod, og kan måtte søkje NAV om økonomisk sosialhjelp, eventuelt – slik mange gjer – velje ikkje å gå til tannlege.

Årsmøte i Pensjonistforbundet Førde 6. mars 2025 støttar at det skal vere likeverdig tilgang til tannhelsetenester for alle, og at tannhelsetenesta blir integrert i den kommunale helse og omsorgstenesta. Ein føresetnad er at omlegginga vert fullfinansiert.

Årsmøte sluttar også opp om utvalet sitt forslag om ein universell tannhelseteneste med ei trinnvis utviding av det offentlege ansvaret, der alle får rett til akutt tannhelsehjelp mot ein eigenandel.

Vidare meiner årsmøte at tannhelse som er ein nødvendig del av spesialisthelsehjelpa blir innlemma i spesialisthelsetenesta.

Avslutningsvis meiner årsmøte i Pensjonistforbundet Førde at grupper som i dag har rettigheiter eller har rett til stønad, som mellom anna eldre som mottar heimesjukepleie eller bur i institusjon, må behalde sine rettigheiter.