Til Finansdepartementet
Frå Voss Veksel- og Landmandsbank ASA
Voss, 24. september 2019
ENDRA KAPITALKRAV SOM TRUGAR LOKALSAMFUNNA OG LOKALBANKANE
Eg syner til Finansdepartementet sitt høyringsbrev datert 25.06.2019 om forslag til tilpassingar i kapitalkrava for bankane.
Voss Veksel- og Landmandsbank ASA (Vekselbanken) vart etablert 1. mars 1899 som eit resultat av den nasjonale storsatsinga med bygginga av Bergensbanen. Med bygginga av Bergensbanen vart det ei stor oppblomstring av næringslivet på Voss. Bakgrunnen for etableringa av banken var at dei forretningsdrivande på Voss meinte at den lokale sparebanken den gongen tok for liten risiko. Banken har sidan vakse jamt og trutt i takt med veksten i bygda. Banken er ein børsnotert forretningsbank som nyttar standardmetoden i kapitaldekningsregelverket. Pr. i dag er Vekselbanken den største banken på Voss. Banken er i sterk konkurranse med Sparebanken Vest (IRB-bank) som har kontor i bygda, og også storbankane i Bergen som DnB (IRB-bank), Nordea (IRB-bank), SR-bank (IRB-bank) og Danske Bank (IRB-bank). Vidare er Voss Sparebank (standardmetodebank) ein sterk konkurrent, men dei får dei same ulempene som oss.
Banken har drive solid og har klart seg gjennom alle kriser, som dei harde 30-åra, jappetida, finanskrisa og oljekrisa, utan ei einaste krone i støtte eller hjelp frå staten. Fleire av våre konkurrentar, som vil oppleve ein direkte konkurransefordel gjennom framlegget slik det ligg føre frå Finansdepartementet, har vorte berga av staten i krisetider. Skattebetalarane har difor måtte bidra med å betala for at dei har teke for høg risiko.
Bankanalytikar Nils Christian Øye i SpareBank1 Markets har rekna på fordelen som IRB-bankane vil få i høve standardmetodebankar, dersom framlegget som er ute på høyring vert vedteke slik det føreligg. Berekningane hans tydar på at IRB-bankane vil få eit konkurransefortrinn i høve standardmetodebankane. Innan marknaden for bustadlån utgjer fordelen ein effekt på bustadlånsrenter på 0,2 prosentpoeng i IRB-bankane sin favør. Det er mykje og vil ha ein direkte konkurransevridande effekt i vårt marknadsområde. Pareto v/Vegard Toverud skreiv i sin analyse av framlegget fylgjande: “ While the impact will be neutral to slightly positive for IRB-banks in general, we consider this mainly negative for non-IRB banks (MORG, SPOG, SOR, SADG and smaller banks). For these banks, we believe it can limited near-term lending growth and potentially also a push towards consolidation.” Med andre ord avgrensa utlånsvekst og insentiv for fusjonar mellom bankar som følgje av framlegget. Det stod ingenting i høyringsutkastet om at dette var mål for eller konsekvensar av framlegget. Departementet bør difor nøye vurdere om dette er konsekvensar ein ønskjer seg.
For Vekselbanken sin del vil framlegget frå departementet innebere ein redusert utlånskapasitet på 173 mill. for BM lån og 376 mill. for PM lån, og samla 332 mill. gjeve dagens PM/BM andel. Årsaka til dette er at nettoeffekten av auka systemrisikobuffer og SMB- rabatt vil gje ein effektiv auke i kapitalkravet på om lag 0,7 % . Dette gjer at Vekselbanken må redusere utlån i vårt marknadsområde i framtida, og dette vil atter gå utover næringslivet på Voss og omland, samt private som ynskjer å realisere sin bustad her.
Vekselbanken har vore heilt avgjerande i realisering av nokre store prosjekt på Voss dei seinare åra. Seinast gjeld dette bygging av ny gondolbane frå jernbanestasjonen og til fjells – Voss Gondol. Dette er ei investering til 340 mill. kr der banken sitt finansieringsbidrag var heilt avgjerande for realiseringa av prosjektet. I renoveringa av eit heilt kvartal (Hestavangen) i sentrum som stod til forfall, var banken sitt bidrag også heilt avgjerande. I både desse prosjekta var banken sin lokalkunnskap, risikovilje og utlånskapasitet heilt avgjerande for at prosjekta vart realiserte. Fleire storbankar (IRB-bankar) hadde vore inne i prosjekta tidlegare, men ville eller torde ikkje ta den same risikoen sidan prosjekta var på Voss. Vekselbanken har lokalkunnskapen, kjenner leiinga og dei lokale bedriftene som var initiativtakarar, og kunne ta denne risikoen. Prosjekta er fullførte og er vorte suksessar i bygda. Det bidreg til å gje Voss nye utviklingsmoglegheiter frametter.
Vekselbanken si sponsorstøtte har vore heilt avgjerande i fleirekultur- og idrettsarrangement på Voss. Me var hovudsponsor for Ekstremsportveko i ein startfase (før den vart so kommersielle interessant som i dag), me er største lokale sponsor for Vossa Jazz, me har vore største sponsor ved fleire ski NM i langrenn og skiskyting, me sponsar fleire idrettslag, lag og foreiningar og me har vore den største lokale sponsoren til Kunstlaget. Ein konsekvens av framlegget til departementet er at me må redusere vår sponsorstøtte til mange gode initiativ innan kultur og idrett lokalt. Dette av di banken må byggje kapital over drifta dei næraste åra grunna denne innstramminga.
Vekselbanken sine hovudinnspel til framlegget er fylgjande:
Avslutningsvis ynskjer me å gje uttrykk for støtte til uttalen bankane i Eika Alliansen m.fl. kjem med, og som synleggjer dei meir tekniske regulatoriske verknadane.
Voss Veksel- og Landmandsbank ASA