Dato: 16.09.2019 Svartype: Med merknad Svar på høyring om forslag til endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning Universitetet i Agder viser til høyringsbrev frå Kunnskapsdepartementet 28. juni 2019 (19/3216-), med høyringsfrist 16. september 2019. UiA har merknad til nokre av endringane som er framlagt. § 2-2 Utanlandsk utdanning UiA støttar endringane. § 3-8 Unntak frå krav om generell studiekompetanse for opptak til studium i nautikk UiA har ingen innvendingar mot denne regelendringa. § 4-8 Spesielle opptakskrav til engelskspråklege utdanningsprogram UiA har ingen innvendingar mot denne regelendringa. § 4-10 Spesielle opptakskrav til diverse fag UiA har ingen kommentar til at Høyskolen Kristiania fastsett opptaksprøve, som spesielt opptakskrav, til bachelorstudium i interiørarkitektur. Det er viktig at opptaksprøvar kan etterprøvast og at dei er satt opp på ein måte som er høva for klagerett. UiA ber om at § 4-10 (13), punkt g) slettast. UiA tilbyr ikkje Smykkedesign. § 7-2 Kvote for førstegongsvitnemål UiA støttar framlegg om endring og ny ordlyd i § 7-2 (2) og (3). Rett tilknyting til kvote er avgjerande for rangering. Nye avsnitt og ny ordlyd gjer reglane for å høyre til kvota for førstegongsvitnemål lettare å forstå. Elevar som klarer å ta krevjande fag, som realfag, bør lønast for dette. § 7-4 Poengberekning av søkjarar med meir enn eitt grunnlag for rangering UiA er positive til å kunna poengrekne fleire grunnlag for opptak, og støttar framlegg om at søkjarar som oppfyller krava til generell studiekompetanse kan poengreknast på fleire måtar. § 7-5 Karakterpoeng for søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring UiA støttar framlegg frå Samordna opptak (SO) om å endre § 7-5 tredje ledd, om at departementet kan gje fullmakt til å lage omrekningstabellar. Fleire omrekningstabellar vil gjere sakshandsaminga meir effektivt, då ein ikkje lenger treng å gje søkjarane ei individuell skjønnsmessig vurdering, som både er vanskeleg og tidkrevjande å gjere. §§ 7-5 og 7-6 Karakterpoeng UiA støttar endringa. Det er viktig at forskrifta speglar den reelle sakshandsaminga. § 7-7 Karakterforbetringar UiA støttar endringa. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"