Høyringsuttale frå Hardanger Siderprodusentlag som gjeld:
Framlegg til endringar i alkohollova – høyringsnotat av 13.juni 2019
Hardanger Siderprodusentlag er positiv til framlegg til endringar i alkohollova i høyringsnotat av 13.juni 2019.
Hardanger Siderprodusentlag meiner det ikkje er nødvendig med ein konkret kvadratmeterbegrensing med hensyn til arealet, men er positiv til ein ordlyd der det går fram at regelen gjeld der to ulike lokale ikkje er praktisk mulig.
I forhold til kravet om skilje av seldt drikk frå skjenka drikk meiner Hardanger Siderprodusentlag at kravet om forsegling bør tilpassast det einskilde produkt, og ikkje utformast på ein slik måte at det medfører fordyrande kostnader eller miljømessig belastning. For siderprodusentar vil eit naturleg skilje vera at uopna flasker er sidestilt med forsegling, og at skjenking av sider skjer i glas.
Hardanger siderprodusentlag er positiv til at sal omfattar både gruppe 1 og gruppe 2, då dette inkluderar sal av eigen tilvirka sider over 4.75% som representerer 90% av volumet i Hardanger.
For Hardanger Siderprodusentlag
Asbjørn Børsheim - leiar