🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring NOU 2018:13 Voksne i grunnskole- og videregående opplæring, finansiering ...

PROFA

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar: Vaksne i grunnskule- og vidaregåande opplæring

PROFA er eit tilbod for asylsøkjarar og flyktningar som ynskjer rettsleg eller praktisk hjelp. Me er til ein kvar tid mellom 15-20 medlemmar, som alle jobbar frivillig. Per no er dei fleste frivillige studentar frå ulike studie ved Universitetet i Bergen. Organisasjonen vart starta opp i 2015 av Malin Kleppe, som er leiaren vår.

Hovuddelen av verksemda vår er knytt til å rettleie asylsøkjarar og flyktningar i samband med det offentlege systemet. Fordi våre frivillige ikkje er utdanna tilbyr me ikkje juridisk rådgjeving. Me leiger to kontor av Jussformidlingen i Bergen kvar torsdag, der med møter klientar.

Kommentarar til høyringa

PROFA stiller seg positive til lovendringane som er føreslegne, og tykkjer at forslaga er gode.

Me ynskjer å trekke frem utvalet sitt framlegg om at det skal utviklast fleksible løysingar for utdanning for minoritetsspråklege, gjerne i tett samarbeid med arbeidslivet og gjennom ein forlenging av introduksjonsprogrammet. Dette trur me vil bidra til at flyktningane kan kombinere arbeid med utdanning og ikkje miste moglegheita til ei sikker inntekt eller familiesameining.

Gjennom kontakten med våre klientar har me opplevt at det ofte er økonomiske omstende som hindrar flyktningar i å ta/fullføre ei utdanning, sjølv om dette er noko dei ynskjer seg. Under kjem nokre kommentarar til kvifor me opplev at flyktningar og asylsøkjarar ikkje tek utdanning, som etter vår kunnskap ikkje var trekt fram i NOU 2018:13 Vaksne i grunnskule- og vidaregåande opplæring, finansiering av livsopphald.

(1) Utvalet skriv at mange vegrar seg for å starte eit utdanningsløp fordi inntekta under perioden vil vere usikker. Me opplever at usikkerheita knytt til ei sikker inntekt etter fullført grunnutdanning/vidare utdanning også spelar inn på om klientane våre ynskjer å ta utdanninga. Sjølv med ei grunnutdanning/vidaregåande utdanning er ein ikkje sikra arbeid etterpå, og dette påverkar motivasjonen for å ta utdanninga.

(2) Me har også erfart at flyktningar heller vel eit lavtlønna yrke for å nå opp til inntektskravet for permanent opphald eller familiesameining, framfor å investere tida si i utdanninga. Dette valet tek dei fordi elles vil det ta mange år før familien deira kan vere samla att, og for å unngå den belastninga det er med midlertidig opphald.

v/ Silje Husabø, Malin Kleppe, Ida Dypvik Indrelid og Martin Reksten