🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering ...

Bømlo kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
HØYRINGSSVAR – «NY REGULERING AV PRIVATE BARNEHAGAR»

Her kjem administrativt handsama høyringssvar frå Bømlo kommune. Me ettersender politisk handsama svar, så snart dette ligg føre.

Bømlo kommune er generelt positiv til regjeringa sitt mål om å auke kvaliteten i private barnehagar, men meiner ein bør vere varsam med regelverksendringar som i for stor grad grip inn i kommunen sin handlefridom og moglegheit til å styre ut i frå lokale behov og prioriteringar.

Slik sett skulle me gjerne sett at regjeringa gjekk enno lengre i sitt lovforslag for å gje kommunane høve til å styre/påverke innhald og stille krav til kvalitet i dei private barnehagane.

Tildeling av tilskot til nye private barnehagar

Bømlo kommune er kritisk til ei utviding av kommunen sin finansieringsplikt for nye private barnehagar, og me er opptekne av å behalde dagens frie skjønn. Me har i dag eit overskot av barnehageplassar, og me meiner plikta til finansiering må vere knytt til kommunen sin plikt til å oppfylle retten til barnehageplass. Ei slik finansieringsplikt vil kunna føra til at gode, eksisterande barnehagar, som kommunen ønsker å behalda, vil gå konkurs. Barnehagemynda i kommunane har oversyn over behov, kvalitet på eksisterande tilbod og demografi og bør såleis ha ansvar for å sikra det heilskaplege tilbodet.

I Bømlo kommune er det berre private barnehagar, og med dagens regelverk opplever me i for liten grad å kunne påverke bruken av tilskota. Å utvide finansieringsplikta for kommunen utan å samstundes auke moglegheita til å styre innhald og kvalitet, er ikkje ønskjeleg. Dette bør også sikrast når det gjeld finansiering av eksisterande barnehagar t.d. ved å kunna knyta finansieringa til opptak av og samhandling kring barn med prioritet, deltaking i kompetanseheving, krav til deltaking i brukarundersøkingar og samarbeid med andre tenester i kommunen.

Heimel for kommune til å stille vilkår om at nye private barnehagar skal vere ideelle for å få tilskot

Bømlo kommune er positiv til ein lovheimel for kommunen til å kunne stille vilkår om at nye private barnehagar skal vere ideelle for å få tilskot.

Berekning av driftstilskot til private barnehagar

I vårt tilfelle der me berre har private barnehagar og endringa i lova vil ikkje påverka oss på noverande tidspunkt

Berekning av tilskot til pensjoner i private barnehagar

Bømlo kommune støttar at private barnehagar ikkje skal få kompensert utgifter som ikkje er reelle og at satsen vert justert ned.

Forbud mot å drive annen virksomhet i samme rettssubjekt som barnehagevirksomheten

Bømlo kommune støttar forslaget og at det børa vera eit krav at den private barnehagen skal vera eit sjølvstendig rettsobjekt. Overgangsperioden bør ikkje overstiga 2 år.

Bruk av offentleg tilskot og foreldrebetaling

Bømlo kommune støttar forslaget og ser fram til ein statleg rettleiar

Forbud mot å ta opp lån på andre måter enn finansforetak

Bømlo kommune ser det ikkje som avgjerande å regulera kva for finansforetak dei private barnehagane kan ta opp lån frå.

Ansvaret for å føre økonomisk tilsyn

Departementet sitt forslag om å flytte ansvaret for økonomisk tilsyn til staten opplever me er problematisk. Som høyringsnotatet peikar på, er kompetanse og kapasitet i kommunane truleg viktige årsaker til at økonomisk tilsyn i liten grad vert gjennomført. Bømlo kommune har eit velfungerande regionalt samarbeid i Forum for Oppvekst i Sunnhordland (FOS) om tilsyn på kvalitet og innhald. Me opplever likevel at terskelen for å føre økonomisk tilsyn med private barnehagar er høg.

Me ser at denne oppgåva truleg vil kunne løysast betre i eit meir spesialisert miljø slik høyringsnotatet peikar på. Det er likevel ei utfordring å fjerne kommunen sin heimel for å føre slikt tilsyn all den tid økonomi, innhald og kvalitet heng tett saman.

Dersom ei t statleg tilsynsorgan får denne oppgåva, må det påkvila organet ei plikt til å samhandla tett med kommunen.

Heimel til å få opplysningar som er naudsynt for å kunna utføra tilsynet

Bømlo kommune støttar dette forslaget, dersom det blir slik at det er eit statleg tilsynsorgan som skal utføra det økonomiske tilsynet.

Reaksjoner på brudd på regelverket om bruk av offentlige tilskot og foreldrebetaling

Med heimeleg om å føra tilsyn må det også liggja høve til å gje sanksjonar. Det er kommunen som har plikt til å tilby barnehageplass og såleis er me uroa for at ein ikkje i stor nok grad skal kunna påverka prosessar som i ytterste konsekvens kan føra til stenging av barnehagar lokalt. I eit slikt perspektiv bør kommunen ha klageadgang på eit vedtak om stenging.

Ansvaret for å behandle søknader om dispensasjon fra bemanningskravene

Bømlo kommune meinar at krava til likebehandling er sikra gjennom gjeldande lovverk. Dersom det likevel vert aktuelt med endring er alternativ b det beste forslaget.

Meldeplikt ved nedleggelse, eierskifte eller andre organisatoriske endringer

Bømlo kommune støttar dette forslaget

Økonomiske og administrative konsekvenser av forslagene

Bømlo kommune viser til KS sitt høyringssvar og stiller oss bak dette:

Departementet mener at flytting av tilsynsansvaret kan føre til at midler trekkes fra kommunerammen i utredningen av administrative og økonomiske konsekvenser. KS mener dette er urimelig fordi kommunene fremdeles må være med å håndheve sanksjonene og bidra med opplysninger i gjennomføringen av tilsynet. KS finner heller ikke at kommunene er tilført ressurser til tilsyn med barnehageloven generelt eller økonomisk tilsyn tilbake i tid, ved regelverksendringer på området.