🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering ...

Giske kommune - administrasjonen

Departement: Familiedepartementet
Dato: 16.07.2019 Svartype: Med merknad Administrasjonen i Giske kommune er positive til endringar i lov og føreskrifter som gjeld regulering av private barnehagar. Dette kan gjer arbeidet til kommunane enklare. På grunn av høyringsfrist er det ikkje tid til å behandle høyringa politisk. - Om det skal bli enklare å få tilskot til nye private barnehagar : Vi er einig med regjeringa i at eventuelle endringar i regelverket ikkje skal gripe for mykje inn i kva høve kommunane har til å styre og utvikle barnehagetilbodet ut frå lokale ønskje og prioriteringar. Så lenge det er kommunane sitt ansvar å sørge for plassar til alle med lovfesta rett, bør kommunen ha styringsretten med kven som skal få tilskot. Dersom det ikkje er behov for fleire barnehageplassar, eller nytt tilbod ikkje samsvarer med kva kommunane ønskjer, må kommunane ha rett til å avslå søknadar om tilskot. - Om kommunen skal få moglegheit til å bestemme at nye private barnehagar skal være ideelle for å få tilskot: Ja, det bør vere opp til den einskilde kommune, og det bør vere ei politisk avgjerd for kommunestyra. - Kva som skal utgjere ein ideell barnehage: Vi meiner at ein ideell barnehage bør definerast som ein barnehage som ikkje har økonomisk vinning som formål, og som ikkje utbetaler overskot. Altså at overskot skal tilbakeførast til drifta. - Om barnehagen må være organisert som ei stifting for å bli rekna som ideell: Ja, det vil vere greitt å få ein definisjon på kva er ideelle barnehagar er. - Berekningen av driftstilskot til private barnehagar: Det kunne vore felles minstesatsar for tilskot til dei private barnehagane for alle kommunane UAVHENGIG av kva kommunane brukar av midlar i dei kommunale barnehagane. Kommunen MÅ få full refusjon ut frå talet på born i både kommunale og private barnehagar for dette frå staten. Dette vil vere ei stor forenkling i arbeidet med utmåling av tilskot, som både er rettferdig og ikkje gjer at andre kommunar legg føringar for kva tilskot den einskilde kommune skal betale til dei private barnehagane. Noverande måte å utmåle tilskot på har gjort utmålinga meir og unødig komplisert. - Om pensjonskostnadane skal reduserast: Ja, dei private barnehagane bør ikkje få meir til pensjon enn dei bruker. - Om det er behov for reglar som sikrar at private barnehagar ikkje tar opp for store lån: Vi har ikkje erfaring til å uttale oss. Men dette vil utgjere ein risiko for drifta, og dermed for heile barnehagetilbodet i kommunen. - Om det bør bli enklare å få tilskot til nye private barnehagar: Vi meiner det er positiv men mangfald, slik at foreldra kan velje kva type barnehage dei ønskjer å ha barna sine i. Vi er også for at også kommunale barnehagar skal være i konkurranse om barna, slik at dei må jobbe for å auke kvaliteten. Men samtidig bør ein ikkje ha så mange tilgjengelege barnehageplassar i kommunen at mange barnehagar har problem med å fylle opp plassane. Det kan føre til dårlegare økonomi og fare for nedlegging av fleire barnehagar. Vår konklusjon er difor at det ikkje bør bli særleg enklare for nye private barnehagar å få tilskot. - Om at det skal bli forbod mot å eie eller drive annen verksemd i same rettssubjekt som driver barnehagar: Ja. Ingen grunn til at anna verksemd skal blandast saman med barnehagedrift. Ei slik samanblanding vil gjere det vanskelegare for tilsynsorgana å få oversyn om felleskostnader i konsernet er korrekt fordelt. - Om å framheve at offentlege tilskot og foreldrebetaling skal komme barna til gode: Ja, absolutt! - Om forbod mot å ta opp lån på andre måtar enn i finansføretak: Ja. Ved å ta opp lån frå usikre lånegjevarar, kan gjere økonomien risikoutsett eller sårbar. Om barnehagen går konkurs, er det kommunen sitt ansvar å oppfylle retten til barnehageplassar, og kommunen som må finne ei løysing på ein vanskeleg situasjon. - Om ansvar for økonomisk tilsyn: Ja, til at eit overordna organ får ansvaret. Dette er eit krevjande område. Og dette bør utførast av nokon med spissa profesjonell kompetanse. Dette vil bidra til større effektivitet og eit miljø med god kompetanse. Tilsynet kunne vore lagt til Fylkesmannen, på grunn av nærleiken til kommunane. Og det vil føre til likskap kommunane i mellom. - Om plikt til å legge fram alle opplysningane som den statlege tilsynsmyndigheita treng for å føre tilsyn med krava til bruk av offentlege tilskot og foreldrebetaling: Ja, og også på detaljnivå. Særskilt nemnast post 6700 Framandtenester i rekneskapen for private barnehagar. - Om reaksjonar på brot på regelverket om bruk av offentlege tilskot og foreldrebetaling: Samd med departementet sitt forslag. - Om ansvaret for å behandle dispensasjonssøknader skal flyttast til eit uavhengig organ: Det er viktig at barnehageadministrasjonen i kommunen veit kor mange dispensasjonar det er i kvar barnehage. Den informasjonen er med i risikovurderinga der vi avgjer om ein bør ha tilsyn. Ein bør ha tillit til at kommunen ikkje gir dispensasjon i kommunale barnehagar for å spare lønskostnader, men fordi dei ikkje har fått tak i utdanna barnehagelærarar. Dette er i alle høve ikkje vore praktisert i vår kommune. Dei som er på dispensasjon er gjerne tilsette med lang ansiennitet. I høve til nyutdanna pedagogar, er ikkje lønsskilnadane så store. Om behandlinga av dispensasjonar skal flyttast til eit uavhengig organ, må kommunen få informasjon om vedtaka. - Meldeplikt ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar: For at kommunane skal kunne styre og ha kontroll med barnehagesektoren, bør dette heimlast i lov. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"