🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering ...

Hemsedal kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Forslag til endringar i barnehagelova med forskrifter (Ny regulering av private barnehagar)

Hemsedal kommune har følgjene høyringsuttale knytt til forslag til endringar i barnehageloven med forskrifter (ny regulering av private barnehagar)- uttalen er administrativ ut frå eit kommuneorganisatorisk perspektiv:

3. Tildeling av tilskot til nye private barnehagar

3.5 Barnehagetilbod - kommunen stiller vilkår

Hemsedal kommune støttar ei vidareføring av kommunens frie skjønn når kommunen vurderer om nye private barnehagar skal få tilskot eller ikkje. Ved ei utviding av finansieringsmodellen der private aktørar fritt kan etablere ny barnehage i kommunen uavhengig av kommunens behov, vil det svekke sjølvråderetten til kommunen. Den svekker kommunen i å kunne dimensjonere tilbodet etter behov, ved å drive effektiv og føreseieleg barnehagesektor med fornuftig kapasitetsbygging. Dette vil særleg påverke tilbodet i distriktet negativt. Etablerer ein ny barnehagetilbydar seg i kommunen, og kommunen plikter å utbetale tilskot til drift av denne sjølv om det ikkje er behov for fleire barnhageplassar og ordninga påfører såleis kommunen meirutgifter. Då må kommunen skalere ned eigen barnehagedrift for at det totale utgiftsnivået kommunen har til barnehagesektoren ikkje skal auke. Ein utvida finansieringsmodell vil også bryte med nærleiksprinsippet og prinsippet om rammefinansiering. Vi er difor sterkt imot ei utviding av finansieringsplikta. Dagens ordning er bra.

Hemsedal kommune meiner barnehagelova må sikre at kommunane kan ivareta sitt ansvar for å dimensjonere, finansiere og kvalitetssikre eit likeverdig barnehagetilbod med høg kvalitet til alle barn med rett til plass, uavhengig av kven som eig barnehagen.

Kommunen er derfor ikkje einig i at det skal vere enklare å få tilskot til å starte private barnehagar når kommunen allereie fyller behovet. Ein lovheimel for dette tek frå kommunen noko av sjølvråderetten og ynskjer difor at kommunen sitt frie skjønn skal vidareførast.

4. Heimel for kommunen til å stille vilkår om at nye private barnehagar skal vere ideelle for å få tilskot

4.4. Finansieringsplikten

Hemsedal kommune er positiv til at regelverket opnar for at kommunane kan stille vilkår om at private barnehagar skal vere ideelle for å få tilskot, men at det fortsatt er kommunen sjølv som bestemmer.

Hemsedal kommune støttar alternativ 1 i ny § 12.

5. Berekning av driftstilskot til private barnehagar

5.5. Differensiert tilskotssats etter tal på barn

Hemsedal kommune er positiv til at det igjen innførast at dei dyraste kommunale barnehagane holdast utanfor. Erfaringsmesseg er barnehagar i grisgrendte strøk og barnehagar som har mindre barnetal pga barn med store samansette vanskar bli spesielt dyre i drift og det er mest kommunale barnehagar som tek denne oppgåva, og difor bør dei dyraste kommunale barnehagane holdast utanfor.

Differensiering ut i frå tal på plassar kan slå veldig skeivt ut viss plassane ikkje vert fylt opp over tid og kommunen må betale ut tilskot til stor overkapasitet på godkjente plassar. Det kan auke kommunen sine utgifter til barnehage i enda større grad. I dag er det søknadane frå foreldre som bestemmer kva for barnehagar som har tomme plassar, og det bør det fortsatt i hovudsak vere ut i frå å oppretthalde foreldre sitt frie val. Ein må heller sjå på korleis tilskotsmodellen kan kompensere for «smådriftsulemper» ut i frå tal på barn.

Ein tilskotsmodell som opnar for å halde tilbake tilskot der private barnehagar kompenserast for kostnadar til bemanning dei ikkje har. Dette vil bidra til å auke legitimitet for heile barnehagesektoren.

6. Berekning av tilskot til pensjonar i private barnehagar

6.4 Justering ned av pensjon

Hemsedal kommune meiner offentleg tilskot til private barnehagar knytt til kompensasjon for pensjonsutgifter må reknast ut frå dei faktiske utgiftene til pensjon i aktuell barnehage.

Hemsedal kommune støtter departementets forslag om at tilskotet til pensjonar justerast ned, men er usikker på kva nivå det bør vere.

Kommunen vil ha kapasitet til å behandle eventuelle søknadar om ekstraordinært tilskot. Kommunen støttar også at begrepet «vesentlig høgare» blir fjerna. Kommunen støttar ein oppdatering av forskrifta om at det fortsatt skal vere mogleg å søke for barnehagar som har høgare faktiske kostnadar til pensjon når pensjonsavtale er inngått før 1. januar 2019 for ordinære barnehagar og før 1. januar 2015 for familiebarnehagar.

7. Forbod mot å drive anna verksemd i same rettssubjekt som barnehageverksemda

7.6 Private barnehagar skal vere eit sjølvstendig rettssubjekt

Hemsedal kommune støtter forslaget om at barnehagen skal vere eit sjølvstendig rettssubjekt. Dette gir den beste moglegheita for å kunne følge opp at kommunale pengar blir brukt på rett måte.

8 .Bruk av offentlege tilskot og foreldrebetaling

8.5 Krava til bruken av tilskot og foreldrebetalinga

Hemsedal kommune støttar forslaget om at offentlege tilskot og foreldrebetaling skal kome barna i barnehagen til gode og at det utarbeidast ein statleg veileder.

9. Forbod mot å ta opp lån på andre måtar enn i eit finansføretak

Hemsedal kommune meiner at regelverket må passe på at lån som vert teke opp til finansiering av barnhagar må sikre at dei vert brukt til formålet. Vi støttar difor ein innskrenking. Hemsdal kommune meiner at kommunen fortsatt må ha innsyn i private barnehagars økonomiske disposisjonar gjennom rapportering av resultatrekneskap og anna økonomirapportering. K ommunen må få mogelegheit til å forplikte private barnehagar til å oppfylle lokale krav til bemanning og pedagogtettleik, og prioritere barn med rett til plass for å få 100 % tilskot. For å være ein del av det samla tenestetilbodet, må dei kunne forpliktas til å delta i lokal kompetanseheving og samhandlingstiltak til beste for alle barn i kommunen.

10. Ansvaret for å føre økonomisk tilsyn

Hemsedal kommune støtter fullt ut at tilsyn med økonomiske forhold blir teke ut av kommunen/barnehagemyndigheten sitt ansvarsområde. Dette er eit så komplisert område som krev meir kompetanse enn det som finnast lokalt i kommunen. Rettleiingsansvaret kan gjerne ligge hos Fylkesmannen gitt at dei har kompetansen som trengs og som er nærare kommunen og om mogeleg gir kortare veg til samarbeid ved behov. Andre tilsynsfunksjonar må fortsatt ligge hos den lokale barnehagemyndigheten jf. barnehagelova, ingen grunn til å endre dette. Kommunane i Hallingdal har eit forpliktande samarbeid om tilsynsfunksjonen jf. barnehagelova som fungerar godt og ivartek objektivitet på ein god måte.

Regelen om at fylkesmannen i særlege høve kan føre tilsyn med einskildbarnehagar kan vidareførast.

11. Heimel til å få opplysningar som er naudsynte for å kunne utføre tilsyn

11.5 Opplysningar ved tilsyn

Hemsedal kommune støttar departementet sitt forslag.

12. Reaksjonar på brot på regelverket om bruk av offentlege tilskot og foreldrebetaling

12.5 Reaksjonar på brot

Hemsedal kommune meiner reglane for kva som skal til for å redusere tilskotet bør vere tydeligare og ikkje så mykje basert på skjønn. Vi er for eit mest mogleg sentralisert kontrollorgan som gjeld økonomiske saker. Det er begrensa med ressursar og kompetanse rundt om i kommunane på dette feltet og forskjellsbehandling kan oppstå. Viktig at kommunen får orientering i alle saker og får mogelegheit til å uttale seg i saker som kjem opp.

13. Ansvaret for å behandle søknadar om dispensasjon frå bemanningskrava

13.4 Behandling av søknadar og eigen bestemming om organisering av kommunen sine oppgåver

Hemsedal kommune meiner det ikkje er grunnlag for å flytte ansvaret for behandling av dispensasjonssøknader frå kommunen til Fylkesmannen. Flytting av ansvaret til Fylkesmannen vil bidra til meir statlig byråkrati og vil potensielt svekke kommunen sine muligheiter til å føre tilsyn med andre bestemmelser i barnehagelova. Det er ikkje vår erfaring at det er opplevd forskjellsbehandling her. Vi har også lokale retningsliner i forhold til dispensasjon frå utdanningskravet. Etter innføring av ny pedagognorm er det er svært få søknadar om dispensasjon frå krav om utdanning eller pedagognorm. I saksbehandlinga er det også ein fordel med lokalkunnskap og dialog med barnehagane.

Hemsedal kommune støttar ikkje forslaget om ein eigen bestemmelse i barnehagelova om korleis kommunen skal organisere oppgåvene sine. Det er allereie krav til uavhengighet i anna lovverk og ei lovfesting av organisering av kommunale oppgåver bryter med prinsippa for statleg styring.

14. Krav om stadleg leiar og vikarbruk

14.1 Krav om stadleg leiar

Hemsedal kommune støtter forslaget om at spørsmålet om styrarressursen og unntaksbestemminga kjem i lovs form og ikkje berre i merknadar. Det vil auke medvete og tilgjenge til kravet.

Det er uklart kva som meinast med begrepet «forsvarleg» leiing. Det blir stilt store krav til kvaliteten i barnehagane gjennom lover og forskrifter. Dette må bli synleggjort gjennom minstekravet til styrarressursen som bør vere minimum 50% stilling i 1-avdelingsbarnhage (små barnehagar) og minimum 100% stilling i fleiravdelingsbarnehage (større barnehagar bør ha assisterande ressurs i tillegg). Skal barnehagen sikre god kvalitet fordrar det mellom anna kompetanseheving av alle tilsette i barnehagen, uavhengig av størrelse. Det krev meir leiarressurs for å bli ivareteke.

Hemsedal kommune forventar at barnehageeigar må sørge at barnehagen til ein kvar tid har tilstrekkeleg personale, for å drive barnehagen som ein tilfredsstillande pedagogisk verksemd. Foreldre og barn har krav på ein tilfredsstillande bemanning gjennom heile opningstida.

Begrepet «tilstrekkeleg personale» er vanskeleg å definere, så det er difor eit behov for å drøfte dette nærare i samband med den nye bemanningsnormen.

15. Meldeplikt ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar

Hemsedal kommune støtter forslaget om å innføre ein meldeplikt for private barnehagar ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar.

Fleire av dei føreslåtte lov- og forskriftsendringar som leggas fram i høyringa vil ha økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane. I Noreg er det står forskjell mellom kommunane og fleire av forslaga til endringar i barnehagelova grip inn i kommunen sin sjølvråderett og får store konsekvensar for den einskilde kommune viss dei blir innført. Ein må ha tillit til at kommunane skiljar myndigheitsrolla og eigarrolla utan ein ytterlegare lovendring.

Vi still også spørsmål ved om forslag til ny barnehagelov i stor nok grad sikrar oss mot kommersielle aktørar.

Hemsedal kommune 22/7-2019

Adminstasjon; fagleder barnehage