Dato: 24.06.2019 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Høgskulen i Volda - Forslag til forskrift om rammeplan for femårige lærerutdanninger i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 HVO har mottatt framlegget til forskrift om rammeplan for femårige lærarutdanningar i praktiske og estetiske fag og har følgjande kommentarar til framlegget: Det er positivt at høyringsbrevet opnar med målsettinga om å få « hevet kompetansen i de praktiske og estetiske fagene i skolen ». På HVO er vi heilt samde i at dette er viktig. Desse faga har så langt kome dårleg ut i samband med innføringa av ny grunnskulelærarutdanning, men den framlagde rammeplanen vil diverre, etter vårt syn, i liten grad medverke til å styrke dei praktiske og estetiske faga i skulen. Rammeplanen legg opp til at studentane skal kunne velje inntil to fag i tillegg til masterfaget. Masterfaget skal vere eitt av dei praktiske og estetiske faga. Fag II eller III skal vere « andre undervisningsfag med læreplan i grunnopplæringen» (§1 Virkeområde og formål , (3 ). Konsekvensen er at studentane i den nye lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag kan ende opp med å ha berre 90 studiepoeng i eitt av desse faga pluss 15 stp i samband med masteroppgåva, og elles vil ein ha andre skulefag. Både dei gamle faglærarutdanningane og BA-gradane med PPU gav større fagleg fordjuping, med 120 til 180 studiepoeng i dei praktiske og estetiske faga. Namnet på den nye utdanninga er eksemplifisert slik: « Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1- 13 – musikk ». Namnet vil i mange tilfelle vere misvisande. Utdanninga kan, i tillegg til musikk, gjerne innehalde to fag som ikkje høyrer inn under dei praktiske og estetiske faga. Ein har då i utdanninga si eitt estetisk fag – utan særleg høg formell kompetanse i dette faget. Den nye lærarutdanninga vil gje studentane erfaring i akademisk skriving og forskingsarbeid på masternivå, men det faglege grunnlaget innanfor dei praktiske og estetiske faga vert sterkt svekka. Dette er særleg alvorleg med tanke på den praktiske innretninga desse faga har. Estetisk og handlingsboren kunnskap vert utvikla over tid, og det er avgjerande å kunne leggje vekt på modning og utprøving. Det er viktig å gi rom for oppøving av ferdigheiter innanfor estiske fagområde på ulike kunstfelt og for trening av fysisk aktivitet knytt til idrett og kroppsøving. Det kan vi ikkje sjå at den nye lærarutdanninga legg til rette for. Pedagogikk, didaktikk og praksis får større plass, og disiplinfagleg kunnskap vert redusert. Framlegget til forskrift om rammeplan for femårige lærarutdanningar i praktiske og estetiske fag ligg tett opp til rammeplanane for MAGLU. Med den innrettinga framlegget har, finn vi det underleg at ein ikkje like gjerne nyttar allereie vedtekne rammeplanar for MAGLU og oppmodar lærarutdanningsinstitusjonane om å leggje til rette for at studentane kan velje praktiske og estetiske fag som masterfag. Største skilnaden mellom desse to utdanningane ser ut til å vere at den nye lærarutdanninga skal gje kompetanse for heile løpet i grunnopplæringa, altså for trinn 1–13. Det er her grunn til å spørje kvifor det vert lagt mindre vekt på spørsmål knytt til alder og modningsnivå for elevane i dei praktiske og estetiske faga enn for andre skulefag. Det er tilrådd at dei gamle faglærarutdanningane vert fasa ut, og elles skal BA-grad i dei praktiske og estetiske faga ikkje lenger vere opptaksgrunnlag for PPU etter 2025. Skular, kulturskular og frivillig sektor rundt om i landet går med dette glipp av fagkompetanse i dei praktiske og estetiske faga som ligg på eit høgare nivå i dei ulike fagdisiplinane, enn det som vil verte resultatet av den nye lærarutdanninga som no er ute på høyring. Målet om høg fagleg kvalitet skal nåast gjennom « helhet og sammenheng mellom fag, profesjonsfag og praksis ». I den nye rammeplanen er første ledd, faget ; allereie i utgangspunktet svekka, og då er det vanskeleg å sjå korleis ein kan nå målet . Vår konklusjon er at femårige lærarutdanningar i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ikkje bør innførast. MAGLU bør kunne inkludere det utdanningsbehovet som ein tar sikte på å dekkje med ei slik utdanning. Det bør arbeidast vidare med tiltak for å nå målet om å heve kompetansen i dei praktiske og estetiske faga. med helsing Johann Roppen rektor Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"