🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høyring av forslag til ny ordning for gjeldssletting i distrikta og styrka gjeld...

Interkommunalt politisk råd Nord- Gudbrandsdal

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Høyringssvar frå Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal

Forslag til ny ordning for gjeldssletting i distrikta og styrka ordning for gjeldssletting i Finnmark og Nord-Troms

Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal (IPR Nord-Gudbrandsdal) viser til høyringa om forslag til ny ordning for gjeldssletting i distrikta og styrka ordning for gjeldssletting i Finnmark og Nord-Troms. Rådet representerer kommunane Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå og Sel, og ønskjer med dette å gje våre innspel til forslaget.

IPR Nord-Gudbrandsdal støttar intensjonen om å gjere det meir attraktivt for kompetent arbeidskraft å busetje seg og arbeide i distrikta. Vi ser på gjeldssletting som eit potensielt effektivt verkemiddel for å møte dei rekrutteringsutfordringane våre kommunar står overfor.

For å sikre at ordninga får størst mogleg effekt, bør ho rettast mot yrkesgrupper der behovet for arbeidskraft er størst. Våre kommunar har eit stort behov for arbeidskraft innan kommunal sektor og næringsliv. Mangel på arbeidskraft innan desse yrkesgruppene skapar store utfordringar for kvaliteten og kapasiteten i tenestetilbodet.

Ei målretta gjeldssletteordning vil kunne bidra til å løyse kritiske bemanningsutfordringar og sikre stabile tenester til innbyggjarane.

For at ordninga skal ha varig effekt, må ho ikkje berre tilby kortsiktige insentiv, men og stimulere til langsiktig busetjing og stabilitet i arbeidsstyrken. Vi tilrår difor at gjeldsslettinga vert knytt til krav om varig busetjing og kontinuerleg arbeidsengasjement over fleire år, slik at deltakarane i ordninga vert varige bidragsytarar i lokalsamfunnet. Det bør vurderast ein progresjon i gjeldsslettinga, der større delar av lånet vert ettergitt jo lenger ein arbeider og bur i distriktet.