Dato: 07.06.2019 Svartype: Med merknad Telemark fylkeskommune gjev, etter behandling i fylkestinget 06.06.19, sak 61/19 følgjande høringssvar: Forslaga til endringar i forskrift om høyere yrkesfaglig utdanning synast i det store og heile å være fundert i et godt kunnskapsgrunnlag, og vil i sum bidra til å plassere høyere yrkesfaglig utdanning som en utdanningssektor med eigen identitet og eigenart. Til 4. Bestemmelser om opptakskrav og rangering har fylkesrådmannen følgande vurdering:Fylkesrådmannen er nøgd med at høgare yrkesfagleg utdanning blir innlemma i samordna opptaksordning, noe som vil gjere sitt til at fagskulen blir meir synleg og at den enkelte søkjar får ein meir likeverdig handsaming av søknaden. Under 4.3.2. Opptakskrav ber Kunnskapsdepartementet om særleg tilbakemeldingar frå høringsinstansane når det gjeld ein foreslått 10 prosents grense for unntaksordning som gjeld opptak til kunstfaglege fagskuleutdanningar, etter søknad. I Telemark har vi ikkje slik utdanning, og fylkesrådmannen har ikkje grunnlag for å svare på dette spørsmålet. Når det gjeld 4.3.3. Rangering ved opptak er det introdusert noen forslag til endringar som det er vanskeleg å sjå konsekvensane av desse utan nærare undersøkingar, eller ved å hente inn erfaring frå skular som har erfaring med oversøking. Fagskolen Telemark, som er vår næraste referanse, har aldri vært i ein situasjon der ein i særleg grad har fått prøvd ut eigne kriterier for rangering. I 2019 er det uvanleg stor søkning på fleira av utdanningstilboda, og det er mogleg at ein då vil få anledning til å teste det ut. Til 9. Kvalitetssikring vil fylkesrådmannen understreke det positive ved at forslaga tar på alvor den omfattande saksbehandlingsprosessen som i dag er knytt til akreditering av enkeltstudiar i NOKUT, med tilhøyrande tidsbruk. I forskriftsutkastet synast det som at fagområde- og institusjonsakreditering blir sterkare vektlagt, som virkemiddel for å redusere saksbehandlingsomfanget i NOKUT. I utgangspunktet er dette positivt, men fylkesrådmannen vil samstundes peike på enkeltinstitusjonane sine utfordringar i desse prosessane. For å lukkast med større grad av fagområde- og institusjonsakreditering, må NOKUT få styrka si rolle som rettleiar på dette feltet. Til 10. Godkjenning av utenlandsk fagskoleutdanning vil fylkesrådmannen kommentere det positive ved at godkjenningsordningar for utanlandsk fagskuleutdanning og anna yrkesfagleg utdanning er nemnt i utkastet. Saknet av slike ordningar har vært ei ulempe og eit hinder for verdsetting av utdanning for ei veksande gruppe menneskje i vårt samfunn. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"