Dato: 27.05.2019 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Hordaland fylkeskommune: Saka er politisk handsama, og Utval for opplæring og helse støttar forslag til endringar i høyringsnotatet med tilhøyrande kommentarar: Hordaland fylkeskommune (HFK) har i dag gode og innarbeidde rutiner når det gjeld informasjon til elevar og føresette før opphaldet i utlandet. Informasjonen omfattar både kulturelle, faglege og økonomiske tilhøve i landet der eleven skal gjennomføre Vg2. Den nye regelendringa vil gjere det naudsynt å vere tydelegare på utfordringar som gjeld tryggleiken i dei aktuelle samarbeidslanda §11. I dag er det våre utanlandske samarbeidsskular som er ansvarlege for å finne eigna vertsheimar for elevane (vertsfamiliar og/eller internat). Når nye reglar trer i kraft må HFK som skuleeigar delta meir aktivt i utveljingsprosessen av familiane og vurdere krava til vertsfamiliane på nytt. Både i Wales og i Skottland må vertsfamiliane ha godkjent politiattest for å kunne vere vertsheim for utanlandske elevar. I Frankrike er det ikkje krav om politiattest for å bli godkjent som vertsfamilie, men våre samarbeidsskular gjer ein god bakgrunnsjekk av aktuelle familiar, og nesten alle vertsfamiliane har barn ved våre samarbeidsskular. Fylkesrådmannen meiner at når fylkeskommunen deltek tettare i samarbeidet med dei utanlandske samarbeidsskulane om å finne eigna vertsheimar må dette kunne svare til kravet i §12, første ledd. Dagens forskrift krev at eit utvekslingsprogram mellom ein norsk vidaregåande skule og ein utanlandsk skule må vise til at det er ein norsk kontaktperson eller eventuelt ein kontaktperson ved samarbeidsskulen i utlandet som kan følge opp elevene gjennom opphaldet. Alle HFK sine Vg2-klasser i utlandet har både ein norsk og ein utanlandsk kontaktperson. §12, andre ledd, i forslag til ny forskrift krev at skuleeigar skal ha ein lokal kontaktperson på staden som skal vere tilgjengeleg for eleven, og at denne kontaktpersonen så raskt som mogleg skal støtte eleven ved nødsituasjonar og skal utan ugrunna opphald bistå eleven i andre saker som er knytta til skule og vertsheim. Dersom departementet her meiner at denne kontaktpersonen skal vere ein representant på staden som ikkje er ein del av det utanlandske skulesystemet, vil dette kunne ha både økonomiske og administrative konsekvensar for skuleeigar. Skuleeigar vil ha utfordringar med å rekruttere ein lokal representant og ikkje minst med å kvalitetssikre prosessen. Skuleeigar må utarbeide eit system for rekruttering og oppfølging, og ein må særleg vurdere kostnadane med ei slik ordning. Fylkesrådmannen meiner at ein ansvarleg kontaktperson i Norge, kopla med ein kontaktperson på skulen i utlandet, er ei ordning som skuleeigar må kunne vidareføre og som svarer til kravet i § 12, andre ledd. Fylkesrådmannen er samd i kravet om varslings- og rapporteringspliktene i §13. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"