HØYRINGSUTTALE FRÅ FELLESRÅDET FOR ELDRE OG MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE I ULSTEIN
Ulstein kommunestyre vedtok i sak 06/102 i 2006 om politisk struktur at Rådet for funksjonshemma og Eldrerådet skal slåast saman for valperioden 2007-2011, som prøveordning. Ordninga med fellesråd har sidan blitt vedteke vidareført og Ulstein kommunestyre vedtok i 2007 retningslinjer for Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.
Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, (Fellesrådet) i Ulstein kommune har fungert godt frå samanslåinga i 2006 og til i dag. Organisasjonane for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne utgjer hovudtyngda og har seks medlemar i rådet. Kommunestyret vel ein representant i eit felles råd på til saman sju medlemar.
Fellesrådet i Ulstein er i dag ein naturleg del av kommunen sin politiske struktur til liks med andre sentrale utval og råd som Ungdomsrådet, Levekårsutvalet, Teknisk utval, Formannskap og Kommunestyre. Fellesrådet har nødvendig sekretariatshjelp, ordførar deltek i møta og rådmann og/eller kommunalsjefar representerer administrasjonen i tillegg til dei aktuelle sakshandsamarane.
Fellesrådet i Ulstein har i dag medverknad og ein plass i den politiske og administrative forvaltninga i tråd med kommunelova sine intensjonar om medverknad og rettar.
Fellesrådet i Ulstein kan derfor ikkje støtte forslaget til ny forskrift der ein gjer framlegg om innstramming av høve til å etablere felles råd. Erfaringa i Ulstein kommune er at det er nettopp eit felles organ som gir organisasjonane og menneska dei representerer ein høgda status og ein sterkare formell posisjon i folkestyret. Vidare gir eit felles råd alle medlemane i rådet eit større perspektiv og breiare kompetanse til å medverke, påverke og ikkje minst ivareta eldre og menneske med nedsett funksjonsevne sine rettar.
Fellesrådet i Ulstein er i dag ein demokratisk arena i tråd med målet om levande og aktivt folkestyre der representative organisasjonar gjennom felles styrke har høve til konkret påverknad og utvikling av levekåra for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Vidare er dette ein godt etablert arena for å samle felles krefter i eit trepartsamarbeid mellom organisasjonar, administrasjonen og dei politiske organa i kommunen.
Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i Ulstein vil og peike på at det som vidare vil styrke Fellesrådet sine arbeidsvilkår og medverknad er: