🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - strategi for bygningsdelen i matrikkelen

Eidfjord kommune

Departement: Departement 1 seksjoner
Eidfjord kommune syner til høyringsdokumentet frå kommunal- og moderniseringsdepartementet av 14.12.2018 og gjev med dette følgjande fråsegn:

Retningslinjer for bruk av dei ulike bygningstypane

Eidfjord kommune meiner det er behov for også å sjå på korleis dei ulike kodane for bygningstypar skal nyttast, og laga betre retningslinjer for føringa av dette. Eventuelt bør det vurderast å leggja til fleire bygningstypar. Også bygningstype må i realiteten godkjennast i byggjesak, og opplysningane om bygningstype i matrikkelen hjelper med å syna kva bygget er godkjent som. Når det ikkje er mogleg å registrera riktig bygningstype under matrikkelføringa, er det vanskelegare å vita kva bygget faktisk er, og faren for feil aukar.

Eit døme som illustrerer problemet er jakt- og fiskebuar i fjellet: Dei eksisterande bygningstypane passar ikkje utan vidare til føring av slike bygg. Dei er ikkje vanlege fritidsbustadar, men kan vera knytt til både gardsverksemd (næring), oppsyn (politi og statens naturoppsyn + fjellstyre o.l.), og fritid/jakt/fiske (utan at bygningen dermed kan reknast som fritidsbustad, fordi den ikkje er meint for lengre faste opphald.). Samanhengen med byggjesaka kan difor verta svak.

Eidfjord kommune kan sjå poenget med eigenrapportering via «mi matrikkelside», og meiner at dette kan ha ei hensikt. Me vil likevel stilla spørsmål om departementet ser for seg at den einskilde brukar av «mi matrikkelside» skal kunna leggja opplysingar direkte inn i matrikkelen, eller om slike eigenrapporteringar vert sendt til kommunen sin matrikkelførar, som deretter skal registrera opplysningane i matrikkelen.

I forlenginga av dette meiner me det bør vurderast korleis kommunen skal forhalda seg dersom den, til dømes i ei byggjesak, oppdager at det har vore lagt inn eigenrapporterte opplysningar som syner noko som skulle ha vore byggjesøkt. «Mi matrikkelside» bør ikkje verta årsak til unødige ulovlegheitssaker.

- Plassering av brukseiningar i bygg

Eidfjord kommune ser det som ein stor fordel dersom det vert mogleg å registrera plasseringa av brukseiningar i bygg. Slik det er i dag, kan me berre registrera kor inngangen til brukseininga er, og areal.

Slik bygningsdelen av matrikkelen er i dag, er det ikkje mogleg å spora alle endringar som vert gjort på tilsvarande måte som for endringar av eigedomar. Ikkje alle endringar i bygningsopplysningane vert førte som tilbygg, påbygg, ombygging, og får derfor ikkje eige tiltaksnummer. Dette til tross for at føringa skjer som direkte følgje av ei byggjesak.

Eidfjord kommune meiner at endringar som vert gjort i bygningsdelen må vera synlege for å sikra at endringar ikkje vert gjort vilkårleg, og for å syna når endringane vart gjorte og kvifor. Som med eigedomsdelen, bør endringar i bygningsdelen verta lagra med matrikkelførar sin signatur, og referert til kommunalt saksnummer.

Kanskje ville slik historikk også kunna bidra til at endringar ikkje vert gjort utan at varsel vert sendt til heimelshavar i samsvar med matrikkellova sine reglar.

Eidfjord kommune trur det kan vera ein god idé å gje eigne løpenummer ved trinnvis utbygging, på same måte som ved tilbygg/påbygg/ombygging. Det vil syna framdrifta i byggjesakene på ein tydelegare måte.

Alternativet «status i sak som krever melding eller søknad og tillatelse etter plan- og bygningsloven» framstår som litt kunstig. Alle nye bygg vert ført som følgje av slik melding eller søknad/løyve.

Ferdigattest for bygg

Det er i dag berre mogeleg å føra ferdigattest på bygg med eige bygningsnummer eller løpenummer. Frå byggjesak si side vert det i dag gjeve bruksløyve eller ferdigattest på brukseiningar utan at heile bygget er ferdig. Dersom dette er ei vanleg handsaming etter plan- og bygningslova er det behov for å føra bruksløyve/ferdigattest på brukseiningsnivå. Då kan enkelte leilegheiter verta tekne i bruk, utan at heile huset/bygget er ferdig.

Dei aller fleste av Eidfjord kommune sine reguleringsplanar legg BYA til grunn når storleiken på tillatne tiltak skal reknast ut. Som departementet skriv, omfattar BYA-utrekninga likevel meir enn berre det einskilde bygget, mellom anna parkeringsplassar og opne overbygde areal.

Eit godt alternativ til BYA for bygning, ville etter vårt syn vera å føra «BYA for matrikkeleining,» slik departementet føreslår.

Det ville då riktignok måtta vurderast korleis det er mest hensiktsmessig å føra slikt BYA: der det til dømes er fleire bygg på eigedomen, vil BYA for matrikkeleininga vera summen av dei, og BYAet må kunna oppdaterast på ein ryddig og oversiktleg måte.