Uttale til høring om forslag til endring i forskrift om regulering av svineproduksjon.
Einar Varhaug, Varhaug – formeringsbesetning
Ove Aanestad, Varhaug – formeringsbesetning
Bjørn Borgen, Orre – formeringsbesetning
Dagens regelverk på 2100 slaktegris/max 105 avlspurker / 20 slaktegris pr. avlspurke har vore uforandra sidan 2003. Prinsippet med å telja avlspurker har vore det frå konsesjonsgrensene vart innført.
I denne perioden har det vore ein sterk strukturendring i svinenæringa og ein har fått ferre, større og meir rasjonelle brukseiningar og mange med eldre bygg er avvikla.
Regelverket har i smågrisproduksjonen gitt mulighet til å ha stor produksjon som følge av høg utskifting av purker etter grising (høg andel såkalla eingongspurker)
I rapporten er det antatt at det har vore betydelig vekst i besetningar med mykje utskifting av purker. Dette er det vanskelig å dokumentera og antal slakta purker har dei siste åra gått ned til tross for at det har vore periodar med sanering (MRSA App mm) og ekstraordinær utslakting som følge av dette.
I alle besetningar blir ein god del purker skifta ut etter første kullet og årsaken kan vera mange: Små kull, dårlig morseigenskaper, skade, sjukdom, brunstmangel, avlskvalitet m.m.
Dette er eit poeng å ha med seg då det i rapportar framstilles som at eingongspurkeproduksjon er noko svært spesielt som kun enkelte driv med.
Vanleg andel 1. kull i vanlege besetningar er 30-40% men det er stor forskjell mellom besetningane og forskjell i same besetning ulike år.
I teorien kan ein ved 100% utskifting av alle purker ved avvenning av 1. kull produsera vel 10 000 smågris utan å overskrida grensa på 105 avlspurker, men dette er det svært få som gjer.
Dette såkalla «smuttholet» i regelverket har vore kjent for både produsentar og myndigheter og ved årets jordbruksforhandling kom dette opp som tema, mest sannsynleg som følge av den krevande markedssituasjonen som var på den tida.
Dagens regelverk har og bidratt til ein spesialisering i svineproduksjonen i form av meir spesialiserte smågris- og slaktegrisbesetningar og færre kombinertbesetningar. Fleire taler nå for at det bør bli lagt til rette for meir kombinert produksjon. Regelverket bør ikkje favorisera den eine eller andre produksjonen. Rein slaktegrisproduksjon er ein gunstig tilleggsproduksjon på bruk med andre produksjonar men smågrisproduksjon over ein viss størrelse krev meir arbeid, kapital og fulltidsfokus.
Rapporten som nå er på høyring foreslår å innføre eit nytt tilleggskrav i regelverket og det er at det i vanlige bruksbesetningar max skal kunne utrangerast 140 purker pr år samt at ein fortsatt må holde seg innforbi dagens krav på max 105 avlspurker i besetningen til ei kvar tid.
Dette vil fjerne mligheten for å produsere mykje smågris ved å slakte/skifte ut mange purker etter 1. kull.
Det er brei enighet om at ei endring er bra for å unngå nyetablering av svært store besetningar.
Endringen vil for mange produsentar føra til at ein må redusera produksjonen betydelig då endringen og skal gjelda alle etablerte besetningar. Dette gir for den enkelte store økonomiske utfordringar og når ein foreslår ein overgangsperiode ut 2021 så er det opplagt at dette blir svært krevjande for mange.
Problemområder – forslag til forbetringar:
1) Konsesjonsregelverket er ikkje tenkt som eit middel for å regulera produksjon og marked, men struktur.
Det vil vera enkelt å innføra endringar som stopper muligheten for nye produsentar å investere i anlegg for produksjon av over f.eks 5000 smågris. Dei aller fleste er einige i at regelverket bør endrast men mange brukar markedsregulering som argument for å få gjennomført dette nå.
2) Det enklaste og beste vil vera å innføre ei grense på produserte smågris pr. år.
Ved å sette ei grense på f.eks 5000 smågris vil ein stoppe svært store besetningar, ein vil ha eit system som er enkelt å administrere og kontrollere, og det er enkelt for både næringa og myndigheter. Då kan den enkelte produsent velga rekrutteringsandel og driftsopplegg innen ei gitt ramme.
Dette er det svært mange både i og rundt næringa som er einige om, men det er ikkje eit forslag i høyringsutkastet som det opplagt burde vore .
3) Krevande administrasjon og kontroll.
Er slakta purker avlspurker eller ungpurker, er daude purker avlspurker eller ungpurker, kva skjer når besetningar p.g.a. sjukdom, sanering, ombygging e.l. må slakta meir purker enn normalt? Skal kvart enkelt tilfelle klarerast av fylkesmann/kommune? Med ei grense på 140 purker blir det mange besetningar som må kontrollerast og kontroll/administrasjonsbehovet vil auke betydelig.
4) Behold fleksibiliteten.
I dag er det mulig å produsere 15% over grensa det eine året mot å vera tilsvarende 15% under det neste året. Dette er foreslått å endras og det vil i praksis sei at produsentane i snitt må vera betydelig under grensa på 105/140 for å vera sikre på å ikkje koma over. Instrammingen vil altså i praksis vera sterkare enn mange tenker over då det er vanskeleg å treffa blink på 140 utrangerte purker. Det er snakk om ein biologisk produksjon med naturlige svingningar i rekruttering både gjennom året og mellom ulike år. Ta hensyn til at dette er biologi og gi rom for handlingsrom innan normale variasjonar så her bør heller handlingsrommet aukast fra 15 til 25% i variasjon mellom år.
Det foreslås ein kort periode med tilpassing til nytt regelverk for dei som ligg over 140 slakta og med kort meines ut 2021. Dette er noko av det mest alvorlege i forslaget. Produskjonar som har investert i anlegg innanfor gjeldande regelverk får to år på seg til å redusere. Dette vil gi konkursar hos enkeltprodusentar og dette blir ikkje betre av at det rammer «relativt» få.
Det må innførast ein eller anna form for overgangsordning som gjer at ein unngår dramatiske konsekvenser for produsentar som har holdt seg til eit regelverk som har vore slik i mange år.
Mange produsentar driv i dag ein eller anna form for kombinert drift der det leveres opp mot 1500 slaktegris. Høg rekruttering gjer dette mulig og når denne muligheten nå blir fjerna vil mange måtte redusera. Det mest økonomiske for mange av desse er å redusera på antal slaktegris og auka purketalet. Dette er ikkje intensjonen med ordninga, men ein reell og uheldig konsekvens, og dette bør rettas opp før regelverket blir endeleg utforma.
Andre forhold / oppsummering:
- D et er brei enighet om at det er rett å endra regelverket slik at enkeltprodusentar ikkje kan produsera svært mykje smågris ved hjelp av høg rekruttering.
- Mange bruker likevel ein krevande markedssituasjon som det viktigaste argumentet for innstramming. Konsesjon har aldri vore tenkt som markedsregulering men for å regulere struktur.
- Det har vore minimale investeringar i smågrisproduksjon dei siste åra. Produksjonen er nå på veg ned og lageret er redusert. Sterk reduksjon i bruk av semin siste månadene, premiert purkeslakting og innstramming av konsesjon som det nå foreslås vil kunne gi for liten produksjon. Skal ein då bygge opp ny kapasitet hos nye produsentar eller skal ein legge opp til litt større rammer enn foreslått for å utnytte allerede etablert kapasitet. Lang overgangsordning for etablerte og lovlege produksjonar vil og bidra positivt i dette bildet.
- Det er viktig med forutsigbarhet og legge godt til rette for generasjonsskifte, og sikre rekruttering i svinenæringa. Brå endringar som dette forslaget er for mange, vil skape problem.
- Det føreliggande forslag med å telja utrangerte purker vil være urettferdig då ulike besetningstyper blir behandla ulikt. Det blir vanskeleg, byråkratisk og tidkrevjande å kontrollera. Mindre utskifting av purker i avlsbesetningar vil føre til eit avlsmessig etterslep. Det enklaste og beste vil væra å innføre ei grense på produserte smågris pr. år. I kombinert besetningar må det væra ein omregningsfaktor f.eks 2 smågris = 1 slaktegris