Vi viser til høyringsbrevet frå Landbruks- og matdepartementet datert 18.12.2018, der departementet legg fram forslag til endringar i forskrifta om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal er positivt til at regelverket blir endra. Endringane er viktig for å følgje opp målsetjinga om å spreie produksjonen på fleire einingar, og for å få betre verktøy for å styre strukturutviklinga og stabilisere marknadsbalansen. Det er dessutan ei vanleg oppfatning at regelverket vi har no er vanskeleg å handtere og krevjande å kontrollere.
Utkastet til endra forskrift legg opp til at svineproduksjonen skal regulerast gjennom omsette, slakta og destruerte avlspurker, i tillegg til innsette purker. Fylkesmannen i Møre og Romsdal meinar at det vil vere enklare og like treffsikkert å forvalte svineproduksjonen gjennom å sette grenser for tal omsette smågris per år.
Utkastet foreslår også å endre dei standardiserte erstatningssatsane. Bakgrunnen er erfaringar frå saker om driftsfellesskap som har vore handtert av domstolane. I slike saker må Fylkesmannen gjere grundige og ressurskrevjande vurderingar, og vi ser heilt klart behovet for å forenkle regelverket vidare.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal støttar forslaget om at det berre er produksjonen av slaktekylling, kalkun og slaktegris som skal kunne regulerast med 15%-regelen over ein periode på to år.