Dato: 13.02.2025 Svartype: Med merknad Stord vaksenopplæring vil med dette informere om at me støtte ikkje forslaget om å endra kravet til permanent opphald frå A1 til A2 på munnleg norskprøve. Me ser at mange av våre deltakarar klarar å kome opp på A2 nivå munnleg i løpet av opplæringa. (Fleire av desse har til gjengjeld store problem med å klare B1-kravet til statsborgarskap) Men i tillegg har me ei gruppe vaksne kvinner, som gjerne er analfabetar, som har store problem med å klare å kome seg opp til A2. Det som kjenneteiknar denne gruppa er at dei var vaksne da dei kom til Noreg, har veldig lite eller ingen skulegang og har som regel stort ansvar på heimebane. Denne gruppa består ikkje berre av flyktningar, dette gjeld også ein del kvinner som har fått familieinnvandring frå andre land. Det er tidlegare forskingsrapportar som konkludere med at for å lære eit nytt språk, så må det minst gjennomførast minst 7 år med opplæring. Da seier det seg sjølv at for denne gruppa så er det eit umogleg mål å nå A2 etter berre 3 år. Under introduksjonslova kunne denne gruppa få behovsprøvd opplæring i 2 år ekstra, denne moglegheita er borte i integreringslova. Dersom kravet blir A2 for permanent opphald, er me uroa over at mange i denne nemnte sårbare gruppa må gjennom to krevjande rundar med det norske byråkratiet; første gong for søknad om permanent opphald, og deretter eventuelt runde to med søknad om statsborgarskap. Dette er med på å ekskludera ei gruppe i samfunnet som det heller er viktig å tenke gjennom korleis ein kan inkludere på ein betre måte. Me er også uroa over at ei slik endring vil påføre dei kommunale vaksenopplæringssentra enno fleire administrative oppgåver. Me har merka ein monaleg auke av denne type arbeid etter at kravet om B1 vart innført for statsborgarskap, utan at det er blitt kompensert på nokon måte. Når det gjeld fritak for prøve i samfunnskunnskap, så bør det føyast til eit punkt med karakteren 2 frå Førebuande opplæring for vaksne, FOV. Førebuande opplæring for vaksne er likestilt med grunnskuleopplæring etter LK20. Dette er ei endring i den nye Opplæringslova frå 2024. Stord 13.02.25 Steinar Rosset rektor, Stord vaksenopplæring Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"