Høyringssvar frå Tax Justice Network - Norge
Forslag til gjennomføring av EU-direktiv 2017/828 i Norge
Noreg har lenge vore eit føregangsland på openheit om eigarskap i norsk næringsliv. Denne openheita må vernast og utviklast. Somme av reglane i det nye direktivet undergrev denne openheita. Vi vil særleg understreke at forvaltarordninga må vere transparent slik at den oppfyller dei openheitskrava som norsk næringsliv i dag er tufta på.
Openheit om identiteten til aksjeeigarar
I kapittel 3.3.2 diskuterer departementet at endringsdirektivet opnar for å innføre ein terskel på 0.5 % i aksjeeigarregisteret, og at føretaka då ikkje lenger har rett til innsyn i kven som eig mindre aksjepostar enn dette. Departementet skriv videre at direktivet ikkje gjev føringar på kven som har innsynsrett i aksjeeigarskap utover føretaket, at det då er opptil kvart einskild land å regulere dette.
Om forvaltarar og kontoførarar sine plikter
Godkjenning av forvaltarar og forvaltarkjeder
Tidlegare måtte forvaltarar søkje Finanstilsynet om løyve for registrering. Dette kravet har no falt vekk. Dette opnar for at useriøse forvaltaraktørar blir nytta for investering i norske føretak, og det er difor viktig at det kjem på plass nye reglar for kva for opplysningsplikt forvaltarar har om kven som er dei reelle aksjeeigarane.
Opplysningar frå føretak til reell eigar
Føretak har plikt til å gje aksjeeigarar opplysningar som gjer dei i stand til å utøve sine aksjeeigarrettigheiter. Om du derimot eig aksjar gjennom forvaltar, er din identitet ikkje offentleg tilgjengeleg, og du har ikkje rett til å få føretaksinformasjon eller utøve andre aksjeeigarrettigheiter. Eigarskap gjennom forvaltar skal vere reint finansielt; ein har berre rett til å ta imot utbytte.
Endringsdirektivet frå EU bryt med dette prinsippet, og gjev slike eigarar utvida rettigheiter. Dette er svært problematisk. Departementet påpeikar da også i kapittel 6.3.3 at om dette skal innførast i Noreg, må det gjerast ei vurdering av kor føremålstenleg forvaltarregistrering er som institusjon.
Opne forvaltarordninga
I dei 14 åra som har gått sidan sist forvaltarordninga var utreia i 2005, har båe internasjonale og nasjonale krav om openheit i eigarskap endra seg betrakteleg. Det er difor på høg tid å sjå på ordninga på nytt, og finne måtar å ivareta ordninga sine legitime og praktiske funksjonar utan å gje moglegheit til å halde eigarskap hemmeleg.
Då eit samrøystes Storting i 2015 vedtok at det skulle opprettast eit eigarregister, vart også forvaltarordninga adressert (St.Innst 298 S(2014-2015)). Stortinget understreka at forvaltarregistrering hadde viktige og legitime funksjonar, men påpeika at det var ein føresetnad for slik registrering at relevante myndigheiter, føretaka sjølve og allmennheita til ei kvar tid skulle ha tilgang til informasjon om bakanforliggande eigarar. Men forvaltarordninga er enda ikkje endra.
Oslo Børs har sjølv forsøkt å sikre meir openheit gjennom sine Investor Relations- anbefalingar. Her oppfordrast føretak mellom anna å sjølve offentleggjere dei reelle eigarane bak sine 20 største aksjepostar, men dei fleste oppgjer berre namnet på forvaltar, ikkje reell eigar. For dei ti største føretaka på Oslo Børs var i snitt 13.5 av dei 20 største eigarane i 2017 «ukjende» i aksjonærregisteret. Tal vi henta frå VPS i desember 2018 synte at meir enn ein femtedel av verdiane på Oslo Børs var bak forvaltarkonto.
Sigrid Klæboe Jacobsen Ingrid Hjertaker
Dagleg leiar Politisk rådgjevar
Tax Justice Network- Norge