NSOs svar på høyring - utreiing av instentiv for kommersialisering av forskingsresultat Dato: 11.03.2019 Svartype: Med merknad Norsk studentorganisasjon (NSO) ønskjer fyrst og framst å takka for høvet til å spela inn på høyringa om utreiinga av insentiv for kommersialisering av forskingsresultat i universitets- og høgskulesektoren. NSO stiller seg jamt over positive til ordningar som kan styrka gründerverksemd og innovasjon i både forsking og utdanning, og me meiner at institusjon og TTO har særskilde ansvar for dette. NSO er dimed positive til fleire av ordningane som er foreslått i rapporten, og er særskild positive til konklusjonen om å ikkje foreslå kommersialiseringsaktivitet som del av karrieremerritering. Medan me anerkjenner at forskaren sine styrka rettar innanfor utbytte av kommersialisering har ei insentiverande rolle, er me langt meir restriktive til å knyta karriereprogresjon til kommersiell suksess. Dette er, som rapporten sjølv trekk fram, av praktiske årsaker som utfordringar i måling, men ikkje minst grunna den effekten det kan ha på forskingsmotiva til den einskilde forskaren, samt vårt eige mål om at utdanning skal verta merriterande. Det er ein ting at ein forskar skal ta del i utbyttet dersom han/ho kjem med eit særskild verdifult bidrag til institusjonen. Det er ei anna sak dersom ein former det totale akademiske karrieresystemet, og klatringa i dette, delvis rundt kor vidt det ein arbeider med skapar gode inntekter. Ei anna utfordring her er korleis ein skal syta for lik handsaming av forskarar innanfor forskjellige disiplinar med ulikt kommersielt potensiale. Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"