Dato: 10.02.2025 Svartype: Med merknad Høyringssvar NOU 2024:20 Det digitale (i) livet Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet takkar for høvet til å kome med innspel til skjermbrukutvalet si NOU «Det digitale (i) livet». Målet vårt er å styrke det helsefremjande arbeidet i barnehage, skule og SFO, med særleg vekt på mat, måltid og fysisk aktivitet. Høyringsinnspelet vårt er skrive med utgangspunkt i desse målgruppene. Vi stiller oss bak utvalet sine forslag og er nøgde med at dette viktige arbeidet er gjennomført. Særleg støttar vi perspektivet på måltidet som ein arena for kommunikasjon, fellesskap og danning av helsefremjande vanar. Vi er òg nøgde med at utvalet tilrår å avgrense skjermbruk under skulemåltidet, sjølv om vi gjerne skulle sett at barnehage og SFO vart nemnde eksplisitt i same samanheng. I dei oppsummerande tilrådingane kjem dette tydelegare fram, noko vi meiner er både viktig og rett. Utvalet peikar på at det finst lite informasjon om skjermbruk i skulemåltidet. Vi er einige i dette og føreslår at temaet blir prioritert i Utdanningsdirektoratet si neste kartlegging, «Spørsmål til Skole-Norge». Samstundes er det liten tvil om at skjermbruk under måltidet er vanleg i mange klasserom og i SFO. Bruken i barnehagar er mindre omtala, men vår erfaring tilseier at måltidet si sosiale og pedagogiske rolle har fått auka merksemd i barnehagen etter revidert rammeplan vart innført i 2017. Rammeplanen for barnehagar slår fast at måltid og matlaging skal bidra til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle. I 2021 fekk SFO sin første nasjonale rammeplan, som òg vektlegg måltidet som ein arena for meir enn berre matinntak. Evalueringar viser at implementeringa av rammeplanen har vore varierande (Caspersen et al., 2024). Dette kan ha fleire årsaker, men den mest omtalte er at innføringa av gratis kjernetid i SFO har ført til ei stor auke i talet på born utan tilsvarande auke i bemanning. I tillegg må det nemnast at SFO-tilsette ikkje har dei same rammene for planlegging og kompetanseutvikling som tilsette i barnehage, noko som kan vere ei barriere for vellukka implementering. Vi meiner at betre økonomiske rammer og tilbod om kompetanseutvikling i SFO er avgjerande for realisering av rammeplanen. Rammeplanen kan då fungere som eit solid styringsdokument for å sikre skjermfrie og sosiale måltid. Medan det er ein tydeleg samanheng i korleis måltidet blir løfta fram som ein sosial og pedagogisk arena i styringsdokumenta for barnehage og SFO, er situasjonen i læreplanverket til skulen ein heilt annan. Dette er noko vi gjerne skulle sett at skjermbrukutvalet hadde poengtert. Sjølv om dei same retningslinjene og forskriftene gjeld for alle tre arenaene, er det i praksis rammeplanar og læreplanverket som styrer kvardagen. Om ein ønskjer å påverke skulane sin praksis rundt måltida, må forventingane bli konkretiserte i overordna del av læreplanverket. Det bør vere like krav til barnehage, SFO og skule, og desse må forankrast på same juridiske nivå. I tillegg til å styrke læreplanverket bør ein sjå på korleis ein kan styrke framtidige lærarar til å gi måltidet meining og innhald, utover påfyll av næring. Forskrift for miljø og helse, samt den nasjonale faglege retningslinja for mat og måltid i skulen, tilrår at elevar får minst 20 minutt dagleg til å ete i skuletida. Gjennom grunnskulen utgjer dette 633 timar – omtrent like mange som det fjerde største skulefaget (samfunnsfag med 634 timar, ifølgje Utdanningsdirektoratet si oversikt). Når måltidet utgjer ein så stor del av skulekvardagen, bør dette gjenspeilast i rammeplanen for lærarutdanninga og i styrking av framtidige lærarar si bevisstheit rundt temaet. Vi vil avslutningsvis legge til at dersom ein ønskjer å avgrense skjermbruk under skulemåltidet bør ein òg legge til rette for gode arbeidsforhold for dei tilsette i skulen. Det vil blant anna sei at ein bør ha mange nok vaksne i klasserommet under måltidet og dei tilsette bør få tid til eigen pause utanom. Vidare støtter vi skjermbrukutvalet i deira ansvarleggjering av foreldre og vi er positive til at det i rapporten òg vert set fokus på skjermbruk under måltidet i den private heim. Skal ein få til endring i klasserommet må det òg skje ei endring i miljøet der borna oppheld seg mest - heime. Til slutt vil vi igjen uttrykke støtte til dei føreslåtte tilrådingane og håpar å sjå spor etter denne NOU-en i framtidas barnehage, SFO og skule. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, ved Høgskulen på Vestlandet Referansar: Caspersen. J, Vennerød-Diesen. FF, Holmedahl Hermstad. I, Ljusberg. A-L, Mordal. S, Pedersen. C, & Tangen. S, 2024. Innføring av rammeplan i SFO – sluttrapport fra evalueringen av de første årene med rammeplan. NIFU, NTNU Samfunnsforskning, Stockholms universitet. Utdanningsdirektoratet. https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Innhold-i-opplaringen/udir-1-2024/vedlegg-1/2.-grunnskolen#2.2ordinar-fag-og-timefordeling [02.2025] Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"