🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring NOU skjermbrukutvalget Det digitale (i) livet Balansert oppvekst i skjerm...

Språkrådet

Departement: Familiedepartementet 3 seksjoner

Merknad til delkapittel 2.5 Avgrensninger

Skjermbrukutvalet har valt å ikkje greie ut dei språkpolitiske spørsmåla knytte til skjermbruk og digitalisering. Språkrådet meiner dette valet er uheldig, ettersom språkpolitiske spørsmål er sentrale når det gjeld både kognitive ferdigheiter og leseferdigheiter.

Som utvalet sjølv skriv, kan skjermbruk ha både positive og negative verknader på språkutviklinga til barna, med særskilde verknader for minoritetsspråklege barn. Å utelukke språkpolitiske spørsmål frå utgreiinga gjer derfor at omsynet til språklege minoritetar hamnar i bakgrunnen.

Språkrådet tilrår derfor departementet å vere merksam på relevante delar av språkpolitikken om departementet går vidare med tilrådingane frå utvalet. Vi peikar på nokre særleg viktige tilhøve i dei andre merknadene nedanfor.

Merknad om opplæringssektoren

Fleire av kapitla handlar om skjermen si rolle i skulen, og utvalet tilrår at staten skal ta større ansvar for den digitale infrastrukturen i skulen (punkt 17.3.2). Språkrådet støttar dette forslaget, ettersom det gjeldande systemet ikkje sikrar rettane til dei språklege mindretala godt nok.

Det er eit kjent problem at mange digitale verktøy og tenester som blir brukte i skulen, også skriveprogram som svært mange skular brukar, ikkje er tilgjengelege på nynorsk og bokmål samtidig og med like god kvalitet. Dette hemmar likestillinga mellom dei to norske skriftspråka og bidrar til å svekke den allereie svake posisjonen til nynorsken, sidan det alltid er nynorskutgåva som manglar eller er av låg kvalitet. Nynorskelevar får dermed dårlegare føresetnader enn bokmålselevar for å lære, møte og bruke skriftspråket sitt.

Det er også eit problem at anbodsdokument ikkje er utforma med tydelege nok krav til at innkjøparar kan reklamere på at nynorske språkversjonar manglar eller er av låg kvalitet, eller krevje at feila blir retta. Dei statlege myndigheitene bør derfor sørge for at det finst tydelege retningslinjer som sikrar at innkjøp gir likeverdige digitale tenester på både bokmål og nynorsk. Språkrådet har eit særskilt oppdrag om å rettleie offentlege myndigheiter i kva krav dei bør stille i mellom anna anbodsprosessar, og vil derfor vere tilgjengeleg om departementet vil gå vidare med eit slikt tiltak.

Språkrådet vil også peike på at dei samiske språka, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes risikerer å bli tapande dersom det ikkje blir sett i verk tiltak for å tilby barn som brukar desse språka, eit utval av digitale tenester. Det vil vere behov for alt frå relativt enkle språkteknologiske verktøy, som elektroniske ordbøker og retteprogram, til tenester baserte på kunstig intelligens, men behovet må kartleggast nærmare i ei eiga utgreiing.

Merknad om språkutvikling

Delkapittel 11.4 skildrar verknadene som skjermbruk kan ha på språkutvikling. Utvalet viser til at skjermbruk kan ha positive verknader på ordforrådet til barn. Språkrådet vil peike på at digitalt innhald berre gir positive utslag for det språket innhaldet er på. Dersom det ikkje finst nok innhald på norsk (nynorsk og bokmål), samiske språk, norsk teiknspråk eller dei nasjonale minoritetsspråka, vil dette vere negativt for språkutviklinga til barn som brukar desse språka.

Vi viser til mellom anna Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele – kunst og kultur for, med og av barn og unge (barnekulturmeldinga), der det blir slått fast at kultur- og mediebruken til barn og unge er ein av dei viktigaste språkarenaene deira. Særleg dei yngste barna treng gode språklege førebilete. Dei kulturpolitiske verkemidla som bidrar til å skape innhald som barn møter på skjerm, må derfor vere utforma slik at både majoritets- og minoritetsspråklege barn kan møte eigne språk.