🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om endringer i opplæringsloven, friskoleloven og folkehøyskoleloven Regle...

Hordaland fylkeskommune

Departement: Kunnskapsdepartementet
Dato: 24.01.2019 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Hordaland fylkeskommune. Høyringssvar blir sendt innan fristen med atterhald om politisk handsaming. Hordaland fylkeskommune støttar forslaget til endringar i opplæringslova, friskulelova og folkehøgskulelova som gjeld forbod mot tilsetting i faste og mellombelse stillingar for personar som har merknad på politiattest om dom for seksuelle overgrep mot mindreårige. Det er svært positivt at det no blir innført like reglar for tilsetting i grunnskule og vidaregåande skule når det gjeld slik dom. I vidaregåande skule er det i dag skuleleiing og skuleeiar som er ansvarlege for om personar som har ein slik dom, blir tilsett eller ikkje ved at det skjer ei individuell vurdering av konsekvensane det vil kunne få. Dette er krevjande prosessar og kan få alvorlege følgjer. Lovendringane vil gi elevar i vidaregåande skule same vern mot personar dømt for seksuelle overgrep mot mindreårige som elevar i grunnskulen har i dag. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"