🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endring i opplæringsloven. Opplæring i kvensk og yrkesoppl...

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 11.01.2019 Svartype: Med merknad Sogn og Fjordane har ikkje behandla høyringa politisk. Partane i arbeidslivet er eigne høyringsinstansar og saka difor ikkje lagt fram for fagopplæringsnemnda. Sogn og Fjordane har sidan 2007 hatt nemnd som speglar organiseringa i organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa og har gode erfaringar. I Sogn og Fjordane gjorde fylkestinget i sak 30/07 slikt vedtak: 1. Fagopplæringsnemnda vert sett saman av representantar for arbeidstakar-organisasjonane, arbeidsgjevarorganisasjonane og det offentlege utdanningssystemet. Arbeidsgjevar- og arbeidstakarrepresentantane skal til saman utgjere fleirtalet i nemnda. Fagopplæringsnemnda konstituerer seg sjølv. 2. Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane skal ha 11 faste medlemmer, i tillegg til 1 observatør. a) Representasjon for faste medlemmer, der organisasjonane foreslår sine medlemmer og varamedlemer: 1 representant frå NHO 1 representant frå KS 1 representant frå Virke 1 representant frå YS 2 representantar frå LO 1 representant frå lærarorganisasjonane 2 politikarar 1 lærling-/lærekandidatrepresentant 1 elevrepresentant b) Representasjon for observatør med møte- og talerett: 1 representant frå OKSU (Opplæringskontora sitt samarbeidsutval) 3. Nemnda skal velje eit arbeidsutval på tre medlemmer. 4. Dei politiske representantane skal veljast frå hovudutval for opplæring og hovudutval for plan og næring. 5. Fagopplæringsnemnda skal vere fagorgan for hovudutvala i saker som vedkjem fag- og yrkesopplæringa.” I samband med oppnemning av ny fagopplæringsnemnd for perioden 2016-2019 kom NHO og LO i Sogn og Fjordane med innspel til endring av oppgåver og funksjon for nemnda etter modell frå Rogaland. Med bakgrunn i dette kartla fylkesrådmann erfaringane frå medlemmane i nemnda i perioden 2012-2015. Medlemane i nemnda er tydelege på at nemnda har fungert godt og at ein har hatt engasjement for fag- og yrkesopplæringa. Eit stort fleirtal av medlemmane i nemnda peikar på viktigheita av at medlemane i nemnda kjem frå fleire organisasjonar. Det vert m.a. av fleire peika på viktigheita av at Utdanningsforbundet er del av nemnda. Nær alle medlemmene i nemnda meiner at ein har hatt god kontakt med bedrifter og opplæringskontor. Fellesmøte med næringslivet er viktig for nemnda, særleg med tanke på vektlegginga av yrkesfaga når det gjeld opplæringstilbodet i fylket. Fleire medlemer i nemnda understreka at ordninga med arbeidsutval har fungert godt. Ut frå erfaringar stiller Sogn og Fjordane fylkeskommune seg positive til at alle organisasjonar som er representerte i det nasjonale organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæring blir invitert til å sitte i yrkesopplæringsnemndene. Sogn og Fjordane fylkeskommune ser det som naturleg at praksisbrevkandidatane også nemnes i § 12-3. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"