Justis- og beredskapsdepartementet har følgjande merknader:
I punkt 15.1 i høyringsnotatet ber Arbeids- og sosialdepartementet om innspel på spørsmålet om dei aktuelle pensjonslovene bør få ei ny nummerering av dei gjeldande paragrafane.
Etter vårt syn bør det ikkje gjerast ei slik omnummerering av desse lovene. Dette byggjer for det fyrste på det omfattande arbeidet ei slik omnummerering vil føre med seg. Alle tilvisingar til lovene i andre lover og forskrifter vil måtte endrast, og det vil òg vera behov for oppdatering av mykje av rettleiingsmaterialet på området. Samla sett omfattar dette svært mange tilvisingar, og det vil krevja mykje arbeid å få dette på plass.
Vidare vil ei slik nummerering ikkje vera i samsvar med føringane i heftet «Lovteknikk og lovforberedelse», jf. punkt 5.3.2 på side 61 til 63. Desse aktuelle pensjonslovene kan ikkje reknast som «store lover», og det er heller ikkje tale om lover der brukarane berre vil eller kan halde seg til eitt eller nokre få kapittel i lova.
Ut frå dette tilrår vi ikkje at det blir gjort noka omnummerering av dei gjeldande paragrafane i dei aktuelle pensjonslovene.