🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om endringer i opplæringsloven og friskoleloven Leirskole og skolebytte i...

Elev-, lærling- og mobbeombodet for elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Departement: Kunnskapsdepartementet
Dato: 02.01.2019 Svartype: Med merknad Skulebyte. Det er heilt naturleg at lovverket om skulebyte  i mobbesaker også gjeld for elevar i vgo. Når det er sagt, så bør det verte særskilt streka under at dette er siste utveg. Fleire andre tiltak bør vere prøvd ut før ein flyttar ein elev. Det er ein inngripen, som er alvorleg for den det vedkjem. Det er også av vesentleg betydning at det vert tilført naudsynte ressursar i eit klassemiljø, der det er så alvorlege mobbesaker at ein som mobbar kan verte tvangsflytta. Når der er rom for mobbing i eit skulemiljø, så tyder det på at trygge, gode opplæringsvilkår ikkje er tilstades. Då må ein sjå på om dette verkeleg handlar om den eine eleven. Truleg er der fleire faktorar som spelar inn. Når desse faktorane er avdekkja og iverksatt tiltak på, så bør det aller siste tiltaket vere flytting av elevar som mobbar.  Det er heilt klar den som vert mobba, som skal verte skjerma og ivareteken. Men eg er usikker på om løysinga er å tvangsflytte elevar som mobbar. Når mobbing er eit gruppefenomen, vert eigentleg mobbinga borte når ein elev er borte? Eller endra mobbinga seg berre til ein annan type åtferd? Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen