🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om endringer i opplæringsloven og friskoleloven Leirskole og skolebytte i...

Klepp kommune

Departement: Kunnskapsdepartementet
Obligatorisk leirskuleopphald Dato: 04.12.2018 Svartype: Med merknad Klepp kommune har i lengre tid hatt ordning med leirskule for elevane på ungdomstrinnet.  Rådmannen ser ikkje at det vert vesentlege endringar for kommunen om pliktig leirskule med minst tre overnattingar vert ein del av opplæringslova.  Leirskule har vore og vil vera gratis for elevane.  Kommunen har dekka ekstra tilskot utover tilskot frå fylkesmannen.  Det er likevel eit betydeleg beløp kvart år.  Om leirskule ikkje vert obligatorisk, kan dette bli ein salderingspost slik det er i mange kommunar i dag.  Staten må dekka ein større del av konstnaden med leirskule om den vert obligaorisk. Skule og opplæringstilbod bør vera mest mogeleg likeverdig for elevane i heile landet.  Rådmannen ser difor positivt på at obligatorisk leirskule vert eige punkt i opplæringslova og at det ikkje skal vera opp til kvar kommune og økonomien i kommunen som avgjer om elevar får reisa på leirskule eller ikkje. Klepp kommune støttar opp om at obligatorisk leirskule vert nytt punkt i opplæringslova. Klepp kommune ber staten dekka ein større del av kostnaden med leirskule.     Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen